Korona | 30. sep. 2021

Smitterapportering etter gjenopninga

Slutt på dagleg oppdatering.

Smitterapportering etter gjenopninga
Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. sep. 2021 06:07

Fredag annonserte statsminister Erna Solberg gjenopning og tilbake til normalen frå laurdag 25. september.

Samtidig forsvann smittetala frå toppen av riksavisene, no var det nedteljing til opning og rapportering frå utelivet i storbyane det handla om.

Men skal vi ikkje få veta om gjenopninga har hatt ein betydeleg negativ effekt på mengda smittetilfelle?

Tala ligg framleis ute, og blir framleis oppdaterte, blant anna på VG.

Dei sentrale tala er ikkje heilt presise, innbyggarar som bur og testar seg i andre byar, men har folkeregistrert adresse i Bjørnafjorden, hamnar som lokal smitte i vår kommune.

Men tala gir ein god peikepinn.

Dei siste dagane, frå måndag til og med i går, onsdag, har det ifølgje VG sin oversik vore eitt nytt smittetilfelle per dag i Bjørnafjorden kommune.

Stabil, låg smitte, med andre ord - og ikkje noko umiddelbar auke i Bjørnafjorden sjølv om vi har kunna klemma kvarandre i helga.

Ifølgje statistikken var det ingen nye smittetilfelle i helga heller, så førre veke landa på 2 nye smittetilfelle mot 3 og 1 vekene før.

Slutt på dagleg rapportering

Bjørnafjorden kommune har kome med rapport om kvart smittetilfelle, kjønn, cirkaalder og om smitteveg er kjent eller ukjent, gjennom pandemien.

Sånn blir det ikkje lenger.

– Vi kjem med informasjon om det blir eit større utbrot. Men det blir ikkje den daglege rapporteringa som før, no når kommunen heller ikkje skal driva smittesporing, seier kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild Stende Bjaadal.

Dette skriv regjeringa: «Kommunenes rutinemessige smittesporing bør kun omfatte husstandsmedlemmer og tilsvarende nære, slik som kjærester.»

– Det er ikkje bestemt heilt korleis vi elles skal rapportera, om det for eksempel blir per veke eller annakvar veke. Det var møte i pandemigruppa onsdag, og vi kjem nok med noko informasjon om korleis det blir framover.

Kommunane fekk fredag beskjed frå regjeringa at dei har hovudansvar for å iverksetja tiltak og vedta lokale forskrifter om situasjonen krev det.

– Ved uoversiktelege og store smitteutbrot som trugar kapasiteten i kommunen kan det for eksempel vera naudsynt å innføra lokale tiltak for særleg utsette grupper, som gamle og sjuke, sa Erna Solberg.

Kommunane må òg ha testberedskap framover. Dei skal kunna dela ut hurtigtestar til 10 prosent av innbyggartalet per veke. For vår del utgjer det rundt 2.500 testar. Dei må ha kapasitet til å testa 1 prosent av innbyggartalet og ein plan for utviding til 5 prosent.

I barnehage og jobb med symptom?

Om du har testa positivt for civid-19 skal du isolera deg. Dette er eit krav som framleis gjeld, og du kan få bot om du bryt regelen.

Regjeringa har etter pressekonferansen ramsa opp fleire eksempel på kor tid du bør halda deg heime, kor tid du bør testa deg og kor tid du kan senda ungane i barnehage - eller sjølv gå på jobb.

Her er nokre av punkta:

  • Ved luftveigssymptom, Test deg for covid-19. Dette gjelder først og fremst ungdom og voksne.
  • Testing av barn kan vurderes i samråd med foresatt, for eksempel dersom barnet får nyoppståtte symptomer etter nærkontakt med bekreftet tilfelle.
  • Ungdom og voksne bør ha en negativ covid-19-test før de vender tilbake.
  • Hvis symptomene forsvinner helt etter én dag kan man vende tilbake til jobb og skole.
  • Ved vedvarende symptomer bør en bli hjemme til allmenntilstanden er god, symptomene er i tilbakegang og en har vært feberfri i 24 timer, uten bruk av febernedsettende preparater. I de fleste tilfellene bør en holde seg hjemme i et par dager.
  • Barn som kun er snørrete eller har tett nese eller kroniske luftveissymptomer, trenger ikke holde seg hjemme.
  • Barn med nyoppståtte symptomer som feber, hoste, sår hals og nedsatt allmenntilstand, bør være hjemme, men kan gå i barnehage/skole når de er i bedring. Dette gjelder selv om barnet fremdeles har noen symptomer, slik som rennende nese eller lett hoste.
  • Det er et krav om at personer som er bekreftet smittet av covid-19 skal isolere seg. Dette gjelder også for vaksinerte. Å isolere seg innebærer å oppholde seg i eget hjem eller på et annet egnet oppholdssted, isolert fra andre, så langt som mulig også fra andre i samme husstand.
  • Personer som er hjemmeisolerte kan avslutte isoleringen 5 døgn etter symptomdebut og de har vært feberfri i minst 24 timer uten bruk av febernedsettende preparater.
  • Dersom den som tester positivt ikke er fullvaksinert og heller ikke har symptomer på luftveisinfeksjon, teller man 5 døgn fra testdato.
  • Fullvaksinerte personer uten symptomer på luftveissykdom anbefales ikke testing. Dersom de likevel skulle teste positivt, bør de holde seg isolert i 2 døgn med tanke på eventuell symptomutvikling.

Les heile pressemeldinga om «tilbake til normalen» på regjeringen.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.