Sport | 14. jan. 2011

Smørjer ledda

Folk reiser frå Sotra og Bergen til Øyane for å trena, og det er ledda i kroppen, ikkje muskulaturen, som er i fokus.

Smørjer ledda
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. jan. 2011 14:43

- Kanskje burde alle over 35 år gjort øvingar som er heldige for ledda deira, seier Cato Bruarøy.

Den erfarne karateinstruktøren har dei siste 20 åra drive med taiji og andre asiatiske helseøvinger parallelt med kampsport.

Tidlegare har han halde to helgekurs, no har han sett opp kveldskurs gjennom vintermånadane. Det er naboar og kjente som har tatt kontakt og bedt han om å arrangera slik trening.

Stor interesse
Utan annan annonsering enn epost til venar, kjente og tidlegare kursdeltakarar, stilte det 15 på første kurs, i gymsalen i Søre Øyane torsdag kveld.

- Første påmeldte var frå Sotra, det kom også fleire frå Bergen. Interessa for denne typen trening ser ut til å vera stor og aukande.

Nokre av deltakarane hadde vore på liknande kurs før, men for dei fleste var dette ei ny oppleving.

Som smurning
Metoden, kalla Yi Jin Daoyin, baserer seg mykje på same teoriar som Taiji, med energibanar og akupunkturpunkt stimulert med øvingar.

Yi Jin Daoyin er meir strekking og skal vera med på å betra sirkulasjonen rundt ledda og dermed styrka ryggen og redusera stressplager.

- Tilbakemeldingane frå dei som har vore gjennom ei treningsøkt er at dei seier det kjennest ut som om dei har fått smurt ledda, eller som om dei har fått ei akupunkturbehandling, fortel Cato Bruarøy om det sju veker lange kurset.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.