Lokal | 25. apr. 2010

- Snakkast, Siv

Terje Søviknes tapte kampen om plass i sentralstyret i Frp. - No er målet å sitja som ordførar medan vegen blir bygd, seier Søviknes til Midtsiden.no.

- Snakkast, Siv
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. apr. 2010 20:24

Tanken om rikspolitisk comeback har lagt der ei stund, og då Liv Røsseland skulle ut av sentralstyret bestemte han seg for å førebu seg på å overta denne plassen.

- Slik gjekk det dessverre ikkje, seier Søviknes til Midtsiden.no, og innrømmer at han er litt skuffa.

- Det er første gong på veldig lenge at vi ikkje har representantar frå Hordaland i sentralstyret, men det geografiske er ikkje det viktigaste. Sentralstyret har tidlegare hatt ei fin breidde når det gjeld kompetanse, og eg tenkte at eg med mi fartstid i lokalpolitikken var ein passande erstattar for Røsseland.

Fekk 99 stemmer
Fire kandidatar kjempa i dag om dei tre ledige plassane i sentralstyret. Hovudmotstandar Bård Hoksrud frå Telemark fekk 131 stemmer, Søviknes 99.

Dei to andre var Morten Høglund frå Akershus og Kristian Dahlberg Hauge fra Sør-Trøndelag. Begge fekk 127 stemmer.

Bomma med bom
I forkant av landsmøtet, og under møtet som blei halde denne helga, blei det fokus på bompengar og Terje Søviknes sitt ja til bompengar i 2004.

- Det handlar ikkje berre om bompengar, men korleis vi skal posisjonera oss i forhold til naturlege samarbeidspartnarar.

Frp svekka?
Fleire politiske kommentatorar har dei siste dagane snakka om at Frp set seg sjølv tilbake i tid, som eit protestparti langt ute til høgre, om dei viser for steile i hovudsakene sine.

- No blei heldigvis resolusjonen som blei vedtatt ikkje så hard som den først var fremja.

- Har fokuset rundt resolusjonen, landsmøtet og det at du ikkje blei valt ha svekka Frp?

- Nei, det har nok ikkje så mykje å seia. Eg trur at Siv, når ho får jobba med dette og det nye sentralstyret, får posisjonera seg uansett. Den tilliten har eg til ho, seier Terje, som sjølv hadde sett fram til å jobba tettare med Siv Jensen, som med 222 stemmer og 11 blanke held fram som partileiar.

Siste forsøk?
I fleire riksaviser står det at dette var Terje Søviknes sitt siste forsøk på å koma tilbake til rikspolitikken.

- Det eg har sagt er at eg ikkje kjem til å koma med yttarlegare forsøk i nærmaste framtid. Døra står på gløtt, men kva som skjer i 2013 er for tidleg å tenkja på no.

Vil bygga veg
I 2011 er det lokalval, og Søviknes har no det å gå inn i sin fjerde periode på rad som ordførar som hovudmål.

- No får vi sjå å få fullført denne vegen, som det så lenge har vore så mykje støy rundt. Målet mitt er å vera med på det arbeidet og fullføra dette som ordførar i Os, seier Terje Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.