Næringsliv | 20. des. 2009

Snø hindrar utkjøring

Peppes droppar utkjøring av pizza sundag, andre held fram.

Snø hindrar utkjøring
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. des. 2009 13:42

- Vi kjørte i går, fram til klokka 21, men snøvêret i dag gjer at vi ber kundane henta sjølv eller koma i restauranten og eta, seier Fredrik Wagner Larsen frå Peppes Pizza på Os.

Han fortel om hektiske dagar i restauranten siste helga før jul, i tillegg var Peppes ansvarleg for serveringa i Fjellheim under Red Hot og ORBO-konserten laurdag kveld. Men det skal ikkje vera travle stunder som gjer at Peppes ikkje vil kjøra pizza sundag.

- Det tar for lang tid, noko som går ut over kvaliteten på varene vi skal levera. Vi vil ikkje selja kald pizza, noko vi gjerne må no når trafikken går så seint.

Dolly og Capri held fram
Hos Dolly Dimples fortel dei også om vanskelege forhold laurdag kveld.

- Vi opplyste kundane om at garantien vi normalt har, med halv pris dersom vi ikkje leverer innan ein time, ikkje var gjeldande i går. Men vi kjørte ut pizza og held fram med det i dag frå kl 14.45 som normalt, seier Tommy Skorpen.

- Eg kjørte sjølv ein del i går. Det var litt trøbbel på vegane i går, og enkelte plassar eg ikkje kom fram. Så då måtte eg gå, men litt mosjon har alle godt av, legg han til.

Også hos Capri held dei fram med å kjøra ut pizza, men ikkje til heile kommunen.

- I går kjørte vi ut over alt, men den siste turen til Lysefjorden tok over ein time. I dag kjører vi ikkje til Lysefjorden, men ein del andre stadar, som Røttingen og sjølvsagt områda nær Os sentrum, seier Mustafa Erpolat.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.