Snutt: Opprykkskampen
Fekk du ikkje med deg den dramatiske opprykkskampen mellom Os og Austevoll? Her er høgdepunkta.


Laurdag 31. oktober spelte Os den siste og avgjerande kampen mot Austevoll om opprykk til 2. divisjon. Etter 2-1 borte trengte Os 2-1 heime for å gå til ekstraomgangar, eller 3-1, som gav siger.
Os starta med 1-0 i 4. minutt, men sjølvmål minuttet etter gjorde at Austevoll fekk ein fot inn i 2. divisjon.
Austevoll fekk keeperen utvist i 18. minutt, men Os klarte ikkje 2-1 før i 85. minutt.
Tre minutt på overtid avgjorde Os med 3-1 skåring.
I filmsnutten under ser du:
00 min: Kampstart
04. min: Anders Glesnes slår til Tore Valvik, som nikkar ned til Tim Henrik Sperrevik. Sperrevik skårar.
05. min: Corner Austevoll. Halvard Enes snappar ballen, men krasjar når han landar og mister. 1-1.
18. min: Torkel Hjertnes blir takla av keeper, som blir utvist.
19. min: Anders Glesnes tar frisparket, på keeper, som gjev retur.
48. min: Tim legg inn frå dødlinja, klareringa landar hos Frode Buvik som nesten skårar.
84. min: Sjanse til Austevoll.
85. min: Remi Osebakken legg inn, klareringa landar hos Per S. Merai, som legg inn. Torkel skårar, 2-1.
93. min: Christer Olsen sitt soloraid som endar med 3-1-skåring og opprykk for både Os og Os 2.
Foto: Varde Film & Media