Lokal | 22. juli 2020

Softgun, skyting og Os sitt forebyggande politi

Lesarinnlegg: Kva om politiet hadde følgd desse ungdommane, og hjelpt dei å stilla opp blinkane på ein sikker stad.

Softgun, skyting og Os sitt forebyggande politi
Bjørnafjorden lensmannskontor. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. juli 2020 06:36

«Ungdommar med pistollignande gjenstand på offentleg stad» kunne ein lesa med feite typar i avisa Midtsiden og Osogfusa-posten tirsdag formiddag. «Politiet har oppretta sak og tatt beslag i våpna» står det vidare. Foreldra er kontakta.

Skremmande lesning. Det er nesten så ein kan lura på om det er trygt å bevega seg utanfor sitt eige hus i Os om dagen, når det no altså går gjengar med ungdom rundt å veiftar med våpen. Rein å skjær galskap, høyres det ut som ...

Min sønn på 15 var ein av desse ungdommane som mandag kveld skulle ta seg frå ein stad til ei anna (ei privat adresse) for å skyta på blink (flasker) med softgun seinare på kvelden. Halvvegs på gåturen kjem ungdommen med softgunen på at han vil dobbeltsjekka at det ikkje er fleire plastkuler i hylsteret. Sjølv steintøffe ungdommar kan ikkje risikera å få ei plastkule i låret ved eit uhell, det er klart. Han tar derfor kjapt fram softgunen som han har hatt skjult oppi ein sekk til no, og skyt ein gong rett ned i asfalten. Det stemte som han trudde, ingen kuler var igjen, heldigvis. I same sekund som han gjer dette kjem Os-politiet køyrande på E39, på vegen nokre 100 meter unna. Resten av historia kan ein lesa i avisa.

Når politiet ringer meg som mor denne kvelden blir eg reint forskrekka. Min sønn er ein ungdom som likar å henga ute. Ha det sosialt å kjekt med vener. Eg er jo så klart bekymra. Som dei fleste andre tenåringsmødre, vil eg tru. Bekymra for rus, slåsting, ulykker, osv.

Derfor er eg på alerten når politiet ringer denne kvelden. Ein ungdomsgjeng på 7 stk, min sønn inkludert, går rundt å skyter med softgun, får eg beskjed om. I alle dagar, tenkte eg, dette hørtes dramatisk ut. Så eg spør kva dei har skote på. Tja, dei hadde riktignok skote rett ned i asfalten, svarer politimannen, men gale var det no uansett. Eg spurde om ungdommane framsto som rusa. Neida, dei såg edru ut alle mann, fekk eg til svar. Politimannen eg snakka med hadde ransaka ungdommane, og alt han fant var eit par tomme snusboksar.

Wow, tenkte eg. 7 edru ungdommar i alderen 15-18 år ute ein kveld midt i sommarferien, det er jo fantastisk!! Det hadde verkeleg vore ei herlig overskrift å få sjå i avisa.

Min sønn har i fleire år hatt politi som førsteval når det kjem til val av utdanning seinare. Når han kjem heim denne kvelden fortel han historia slik den eigentlig var, men også at politiet hadde sagt at dei i verste fall kunne ha blitt skotne.

No er det sommarjobb som står øvst på ønskelista til min unge, lovande. Det ser ikkje ut til at det ordnar seg i år. Eg erfarer at dei fleste av desse ungdommane ønskjer å jobba. Dei har ambisjonar. Dei har potensiale. Dette er ungdom som fortener ein sjanse. Korleis det skal gå med desse fine i månadane og åra framover med jobbutsikter som ikkje direkte har betra seg siste tida, det tør eg ikkje tenka på. Det bekymrar meg. Det bekymrar meg meir enn at min sønn skyt på blink med softgun ein sein sommarkveld.

I avisa seier politiet at saka går vidare til avdeling for forebyggande arbeid med ungdom.

Ein skulle tru at politiet i Os på generelt grunnlag er tjent med å driva forebyggande arbeid i all kontakt dei har med ungdom. Kva om politiet hadde følgd desse ungdommane til den private adressa dei var på veg til, og hjelpt dei med å stilla opp blinkane på ein sikker stad, og kanskje gitt dei litt våpenopplæring i samme slengen ...

Eg trur det hadde vore jamt slutt på ungdommar som spring når dei ser politiet, i alle tilfelle. Kanskje står det 7 staute ungdommar klare til dyst på politihøgskolen om få år òg, kven veit? Og ein ekstra fordel har dei når dei skal til med våpenopplæring.

Med venleg helsing
Maria R. Nilsen - tenåringsmamma

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.