Lars Skorpen skriv alle bøkene sine for hand. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Soga om han som skreiv soga

Lars Skorpen er klar med bok om mannen bak Os soga og Os-songen, bygdehovdingen Nils Tveit.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

«Rosemålar, bonde, sogeskrivar, boksamlar, ordførar og bygdehovding, stortingsmann og diktar» står det på skulpturen Arne Mæland har forma av Nils Tveit. Skulpturen står på Kyrkjeflaten i Os sentrum og blei avduka i 2001.

Nils Tveit (1876-1949) var ordførar, fylkesordførar og stortingsrepresentant på same tid. Samstundes avslutta han første band av Os soga. Innimellom fleire andre verv og oppgåver.

– Det som overraska meg mest, og som eg ikkje klarte verken å finna svar på eller, den dag i dag, å forstå, er korleis han fekk tid til alt, seier forfattar Lars Skorpen.

I år er det 100 år sidan Nils Tveit blei stemt inn i heradsstyret for første gong og 140 år sidan han blei fødd.

«Han nærma seg middagshøgda i livet sitt og aktivitetsnivået steig stadig i styrke og intensitet» skriv Skorpen på baksida av omslaget til den rykande ferske boka.

180 sider som kan inspirera

– Korleis har det vore å skriva soga om han som skreiv soga, å sortera eit så rikt liv mellom to permar, på under eitt år?

– Eg kjenner arbeidet hans godt frå før, og var i gang med ein oppfølgjar av soga hans då eg i utgangspunktet blei spurd om å laga eit hefte om Tveit.

– Det gjekk ei veke før eg svarte ja på spørsmålet frå Olav Søfteland og Os Senioruniversitet, og forsto raskt at det å laga eit hefte av eit slikt liv ville blitt for overfladisk.

Skorpen la frå seg det andre arbeidet og byrja på ei grovskisse.

– Målet var å få med alt det vesentlege i eit format som kan inspirera folk til å bli lesarar. Boka går kronologisk, noko anna hadde blitt vanskeleg.

Valet fall på ein storleik Skorpen har brukt for tidlegare bøker, som rosemalarboka frå 2006.

«Bygdehovdingen Nils Tveit» er på 180 sider og er illustrert med 59 bilde.

Foredraget

Dei som deltar på Os Senioruniversitet, får med seg mykje god kunnskap gjennom året.

Den første måndagen i mai i år sto Mari Lyssand på scenen og fortalte om Nils Tveit. Mari hadde for to år sidan, som del av 17. maifeiringa på Kyrkjeflaten, eit støvande innlegg om historia til Os, «Os soga på 10 minutt», gjennomført på 12 minutt. Sjå video – heile talen.

Til foredraget i Oseana denne måndagen hadde ho hjelp av Skorpen, som i utgangspunktet var invitert til å laga eit hefte. Lyssand fekk tilgang på dei tekstane som var ferdige på forsommaren.

– Ei av sakene Nils brente for var skyttarsaka. Han var medlem i skyttarlaget frå stiftelsesdagen, då var han 15 år. I 1897 blei det sett saman ei nemd som skulle finna ein passande plass å ha skytebane i Os. Ingenting skjedde før Nils kom inn i banenemda i 1905. I 1906 var banen på Tøsdal klar til å takast i bruk.

– Då Nils meldte seg, då ordna det seg. Han var styremedlem i 20 år og formann i 9 (1905-11 og 1915-16), fortalte Mari.

For hand

Lars Skorpen jobba ein del saman med kameraten og tusenkunstnaren Bernt Johan Kristiansen, som gjekk bort hausten 2008.

– Då eg leverte nokre tekstar til eit hefte han sat med så forsto eg på han at han meinte dette var noko eg burde halda fram med. Bernt var ikkje ein som sa så mykje, men eg tolka dette som ei oppmoding.

Bernt hadde oppsettet på mykje av det som blei gjeve ut lokalt, også Lars Skorpen sine første bøker. Boka om rosemalarane er Skorpen spesielt kry av «fordi Bernt gjorde boka så fin».

– No har eg med meg Jon Øyvind Tøsdal. Eg skriv alle bøkene mine for hand og Jon Øyvind forstår skrifta mi godt. Han er utruleg rask, her er det 500 slag i minuttet, rosemalarboka brukte han berre 14 timar på.

33 kapittel

I boka om bygdehovdingen får du lesa om barndomen, vegvisar Elias Hanssen og korleis val av verdiar forma venstrepolitikaren. Visste du at Nils Tveit var ein boksamlar og hadde sitt eige Holberg-tun på garden? Her hadde han rundt 700 bøker av Ludvig Holberg.

Skorpen skriv òg om krigskvardagen og den veksande motstandsvilja hos Nils Tveit. Med forord, etterord og oppramsing av kjelder er den 180 sider tjukke boka delt i 33. På tampen av boka, i kapittelet «To spennande skrivearbeid» tar forfattaren med to nyare tekstar av Tveit.

– Både «Tenesta i gamle dagar» og «Norsk jol» viser kven Nils var og kva han var opptatt av, tekstane seier litt om historikaren, språkmannen, politikaren og mennesket Nils Tveit.

Mønster og mal - eit personleg minne

Lars Skorpen er i slekt med Nils Tveit, Nils var onkel til Lars sin far, bror til farmor Kristina. Sjølv om Lars kunne mykje frå før, både frå det han har lese, og alt faren hans og Maria, dotter til Nils, fortalde.

Då Lars var 15 år flytta han inn hos 56 år gamle Maria, som var blitt einsam i huset etter at mora døydde. Der budde han i to år mens han gjekk realskulen. Maria var ein flink forteljar, både om ungdomstida under første verdskrig og om far sin. Lars viser òg til rikeleg med kjelder, frå oppslagsverk og leksika til faglitteratur og Tveit sine eigne bøker.

– Her har Yngve Nedrebø i Statsarkivet vore til stor og uvurderleg hjelp, eg kan nesten ikkje forstå at han kunne ta seg så god tid til meg, vi har gått frå hylle til hylle, opp og ned med heis, for å finna gode kjelder.

Om Lars berre var fire år då Nils døydde, har han eit personleg minne som han deler med lesarane.

– Dette minnet har halde seg i hovudet mitt sidan slutten av 60-talet. På veg heim frå møte med Norsk Aero KLubb i Oslo hamna professor Knut Mykland (1920-2005) på setet ved sidan av meg.

Mykland var forelesar og mentor for oss historiemellomfagstuderande fram mot hausten 1969 og hadde planar om å skriva soge om heimbygda si. 

– Etter å ha spurd om eg kjente til Nils Tveit, og eg lågmælt hadde svart at han var grandonkelen min, sa Mykland at Os soga, etter hans og fleire andre si meining, burde brukast som mal når ei bygdesoge skulle skrivast.

«Eg hugsar at min umiddelbare reaksjon var ei overrasking over at ein person som hadde levt av historiefaget i mange år, som eg fagleg sette så høgt, kunne rosa amatøren Nils Tveit på ein slik måte,» skriv Skorpen i boka.

Eit årsverk og ein risiko

I desse dagar kjem bøkene frå trykkeriet og direkte vidare i hyllene.

– Bøkene blir gjeve ut på Fagbokforlaget (John Grieg) med eit førsteopplag på 500 eksemplar, seier forfattaren.

Å ta den opprinnelege «bestillinga» frå hefte til bok var hans eiga avgjerd, og den blei fatta utan at finansieringa av boka var på plass.

– Os Senioruniversitet søkte kommunen om støtte i sommar, men eg trur ikkje dei fekk noko svar. Eg sende nyleg sjølv ein søknad om pengestøtte, og håper det er rom for at kommunen kan støtta dette prosjektet.

Forlaget og trykkeriet skal ha 75.000 kroner. Forfattaren har tatt risikoen både med denne rekninga og med årsarbeidet han har lagt ned i boka.

– No har nokre enkeltpersonar og næringsdrivande engasjert seg i ei lita kronerulling, så det kan sjå ut som om mykje av trykkerekninga blir dekka inn. Det ville vore fint om utgiftene var dekka, at det som kjem av inntekter frå boka kan koma som eit honorar for noko av jobben som er gjort, seier forfattaren.

Soga held fram

Os soga bind to og tre er gards- og ættesaga, kven budde kor, kva jobba dei med og kva heitte ungane deira. Soga som handla om Osbygdo generelt, politikk, næringsliv og utvikling, er den første soga.

– Denne blei avslutta i 1932. Arbeidet som eg la frå meg då eg byrja på denne boka var Os soga etter 1932. Eg blei oppfordra om å byrja på denne, å halda fram der Nils Tveit gav seg, og hadde 60 ferdige sider, fortel Lars.

Noko av det som gjorde at Lars brukte ei heil veke på å takka ja til «heftet» om Nils Tveit var at han var godt i gang med soga etter 1932. Vil han klara å ta dette arbeidet opp att etter eit halvår med ei anna bok?

– Eg går nok vidare med soga etter 1932. Det kan bli ei artig bok om både bygda og nokre av dei som budde her. Det blir miniportrett av ein del viktige personar og nokre litt kjekke historiar frå livet i Os. Eg har sjølv vakse opp på Osøyro og tar med mine eigne, personlege skildringar av livet på Øyro på 50- og 60-talet.

Mari om Lars og Nils

– Eg er veldig glad for at det kjem ei bok om Nils Tveit og for at det er Lars Skorpen som skriv denne, seier Mari Lyssand.

– Det er ikkje berre fascinerande kor mykje Nils Tveit fekk gjort, men kor godt han skreiv. Lars bruker utdrag av enkelte tekstar i boka si, og dei lesarane som ikkje er kjent med Tveit frå før vil forhåpentleg få lyst å lesa meir av det han har skrive.

Lyssand skildrar Skorpen som ein svært grundig forfattar, ikkje minst når det kjem til å finna fram til kjelder, både skriftlege og levande.

– I tillegg er han ein som kjenner familiehistoria og nærmiljøet til Nils Tveit godt heilt frå barndomen av. Dette, saman med at han har interesse for å løfta fram spennande historiar og å finna gode bilde til bøkene sine, vil vera med på å gjera boka om bygdehovdingen til eit viktig verk for lokalhistoria.

– Det passar også godt at boka kjem no. I ei tid der vi passerer 20.000 innbyggarar, har stor utbygging, viktig vegbygging og ei komande kommunesamanslåing, er det fint at vi kan bli endå betre kjent med mannen som skreiv Os soga og Os-songen, og som var ei drivande kraft Osbygda og lokalpolitikken i første halvdel av 1900-talet, seier Mari Lyssand.

NILS TVEIT
• Fødd 8. januar 1876, død 13. juli 1949, 73 år gamal.
• Bonde, rosemalar (son av Marie og rosemalar Annanias Tveit), likningssekretær, tilsynsmann for Rikstrygdeverket, bankrevisor, ordførar i Os (1917-1940 og nokre månadar etter at krigen var over i 1945), fylkesordførar (den gong kalla fylkesformann) og stortingsrepresentant for Venstre. Tveit var blant anna òg formann i Hjemmefrontens fylkesråd (1944-45) og Chr Michelsens barnehjem og medlem av sentralstyret i Det norske Meieribruk (1931-35).
• Skreiv Os soga I, II og III.
• Fekk Kongens fortjenstmedalje i gull i 1936.
• Fekk Norges skytterstyres fortjenstmedalje i gull i 1925.
• Gift med Anna (d. 1960), fekk tre døtrer; Maria (1904-1997), Marta (1907-1994) og Anna (1911- XX), eitt barnebarn (Anna, fødd i 1949), eitt oldebarn, Bjarne Robberstad (fødd 1976) og (minst) to tippoldebarn; Eirik og Ingrid.

LARS SKORPEN
• Fødd 16. mars 1945. Pensjonist frå 2011 etter mange år som ungdomsskulelærar ved Nore Neset skule. Mangeårig seglflyinstruktør i Os Aero Klubb.
• Var medforfattar for første gong då han i 1985 sto for nynorsken i ei lita bok (Den svarte fredagen) om ein flystyrt i Førdefjorden. Seinare har det blitt mange artiklar i bladet Osingen, der han sat i redaksjonsnemnda i ti år, og deltaking i fleire hefte, ved sidan av bøkene han har skrive eller vore involvert i.

Bibliografi (eigne):
Ein flygeidé - OAK 50 år (1996)
Skeie i skulesoga (2003)
Rosemålarane - ei slektskrønike (2006)
Bushpilot (flygaren Arne Mæland) (2009)
Musikar og medmenneske - Henrik Lyssand 100 år (2012)
Bygdehovdingen Nils Tveit (2016)

Bibliografi (deltatt i):
Den svarte fredagen (1985)
Os Turnforening 100 år (2005)
Arne Mæland - Livet, leiken og draumen (2009)
Kafé Club Intim (2012)

Fleire saker