Lokal | 28. okt. 2010

Soga om Søfteland

Det byrja med eit ønskje om å samla gamal informasjon til nærmaste familie. No nærmar det seg lansering av ei praktbok om Søfteland frå 1894 og fram til i dag.

Soga om Søfteland
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. okt. 2010 07:49

«Søftelandsboko» er tittelen på den 152 sider tjukke samlinga av bilde, tekst og minne frå kongeleg besøk, næringsutvikling og dagleglivet på Søfteland gjennom dei drygt 110 siste åra.

– Eg synes dei som kjem etter oss bør få veta litt om korleis det var på Søfteland før i tida, seier forfattar Hedvig Nytræ om kva som motiverte ho til å starta det omfattande arbeidet ho no har lagt bak seg.

Detaljar og bilde
Hedvig var godt i gong med skriving og innsamling av bilde og bildetekstar då møbelseljar og hobbyfotograf Tommy Sælen blanda seg inn i boka.

– «Eg kan hjelpa», sa Tommy, som både har tatt oppsettet og kome med mange fine bilde frå eige arkiv. I tillegg har han tatt nye, blant anna frå lufta.

Boka har i overkant av 300 bilde. Det eldste skulebildet i boka er frå 1909, det eldste landskapsbildet er tatt frå Langedalen i 1903.

– Det er veldig spennande å sjå desse gamle bilda, mange av dei av veldig god teknisk kvalitet. At Hedvig har fått tak i så mange namn og detaljar til bildetekstane er imponerande, synes fotografen Tommy.

Då kongen kom
Forfattaren fortel om mange gode hjelparar, folk som har kome med bilde og nyttig informasjon, frå det vandrande leksikonet Harald Søfteland til Aslaug Langeland (88), som i tillegg til gamle skulebilde og namn på elevane har kome med ei spesiell gåve til alle som kjem til å eiga eit eksemplar av boka.

– Aslaug er dottera til han som var planteskulestyrar då HM Kong Haakon VII i 1936 besøkte Søfteland. Saman med faren kom ho tettare på kongen enn dei fleste andre, og fekk derfor som 13-åring tatt bilde av Haakon VII på nært hald. Bildet har vi fått bruka i boka.

Seks sider med rock
Søftelandsboko er som Gløymebøkene som blei gjeve ut i Os for nokre år sidan, innhaldsrik og samansett. Informasjonen og bilda er delt inn etter kategori, fleire sider med skule kjem etter kvarandre før firma for firma, frå planteskulen til Vestlandske Heiltremøblar, får sin presentasjon.

– Boka tar for seg Søfteland fram til i dag, og noko av det vi på Søfteland, i alle aldrar, er veldig stolte av no for tida er Søfteland Rock N LoL. Eg trur dei fleste i krinsen føler eigarskap til det brørne Lindborg har fått til, seier Hedvig Hjelle Nytræ.

Søftelandsboko blir naturlegvis lansert på julemessa på Søfteland sundag 21. november.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.