Politi | 14 timar sidan

Søket held fram – politiet går ut med bilde

Søket etter sakna mann i Eikelandsosen blir trappa opp fredag.

Søket held fram – politiet går ut med bilde
Pårørande har samtykka i at politiet går ut med bilde av sakna. Foto: privat / Politiet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. mai 2026 07:56

Natt til torsdag blei det starta leiteaksjon etter ein 20 år gamal mann frå Bjørnafjorden kommune.

Søket har pågått i Hålandsdalen- og Holdus-området.

Politiet har hatt hjelp av ei stor mengde frivillige.

– Det har vore søk gjennom heile natta, dessverre utan funn så langt, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.

Politiet ber om tips. Pårørande har samtykka i at dei går ut med bilde.

– Vi har fått enkelte tips som vi har jobba med.

I natt har det vore 15 frå Røde Kors i søk, og dessutan ein drone frå Røde Kors. I tillegg har ein hundeførar frå Norske Redningshunder vore i søk.

– Sivilforsvaret har også deltatt i søk i natt. Politiet har vore i søk med eigen hundepatrulje og har gjennomført etterforskingssteg i saka.

Politiet vil trappa opp søket yttarlegare utover morgontimane i dag. Det vil bli sendt ut ny utkalling av frivillige mannskap.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?