Kultur | 03. juni 2019

Søkjer kandidatar til eldsjel-pris

Amfelia og Oskar-prisen på 10.000 kroner skal delast ut laurdag 22. juni.

Søkjer kandidatar til eldsjel-pris
Nominasjonar skjer via Facebook, avstemming kan takast både digitalt og på stand på senteret under Barnedagane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. juni 2019 09:00

Maskotane til Amfi-kjeda, Amfelia og Oskar, skal dela ut årets pris i løpet av Barnas Dager på senteret helga 20.-22. juni

– Prisen går til ein organisasjon som er med på å skapa gode opplevingar for barn og unge, fortel senterleiar Siri Ann Myhren Dalseide.

– Gode fritidstilbod for barn gir dei ein aktiv og trygg kvardag, og det er mange eldsjeler som er i sving for å skapa desse tilboda. Desse eldsjelene ønskjer vi i Amfi å setja i sentrum når vi deler ut Amfelia og Oskar-prisen til nokon som gir barn og unge i lokalmiljøet gode fritidstilbod.

Under Barnas Dager på senteret 20.-22. juni er Amfelia og Oskar deltakarar, og dei har fått prisen oppkalla etter seg. Prisen blei delt ut for første gong i fjor, då var det Lysekloster Rideklubb som fekk prisen.

– I desse dagar og fram til 10. juni samlar vi inn nominasjonar til prisen frå publikum, så her har alle høve til å foreslå sine beste kandidatar. Ein jury vil velja fem verdige kandidatar blant dei nominerte, før det blir opna for avstemming blant publikum.

Nominasjon går føre seg gjennom senteret si Facebook-side. I avstemmingsperioden er det mogleg å stemma via Facebook og på stand på senteret.

– Kandidatane kan vere tilbod som korps, idrett, fritidsklubb eller noko heilt anna; eldsjelene finst på alle arenaer! seier Siri Ann.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.