Lokal | 28. mai 2014

Sol, fiske og sjøvett

BILDESERIE: Dei har både flotte dagar på sjøen og mykje å læra på land når Søre Øyane barneskule denne veka har maritime dagar.

Sol, fiske og sjøvett
Ikkje verst å byte ut klasserom med båtliv. (Privat foto)
Kari M. Lyssandonsdag 28. mai 2014 06:17

Bildeserie:

(Privat foto)
(Privat foto)
(Privat foto)
(Privat foto)
(Privat foto)
(Privat foto)
(Privat foto)
(Privat foto)
(Privat foto)
(Privat foto)
Politibetjent Anne Lyssand. (Foto: KMAL)
Politibetjent Anne Lyssand. (Foto: KMAL)
(Foto: KMAL)
(Foto: KMAL)
(Foto: KMAL)
(Foto: KMAL)
(Foto: KMAL)
(Foto: KMAL)
(Foto: KMAL)
(Foto: KMAL)
(Foto: KMAL)
(Foto: KMAL)
1 av 11
(Privat foto)
(Privat foto)
(Privat foto)
(Privat foto)
(Privat foto)
Politibetjent Anne Lyssand. (Foto: KMAL)
(Foto: KMAL)
(Foto: KMAL)
(Foto: KMAL)
(Foto: KMAL)
(Foto: KMAL)

Elevar og tilsette ved Søre Øyane barneskule kunne ikkje ha vore heldigare med vêret når dei denne veka, tradisjonen tru, har byta ut den vanlege timeplanen med maritime dagar.

Her er bilde frå maritim veke 2013.

Full pott første dag

Det var ikkje berre vêret dei var heldige med, allereie første dagen fekk dei nok fangst til fiskesuppa som vert servert på onsdag.

- Fiskemottaket måtte seia stopp, dei hadde meir enn nok fisk og det er ikkje kvart år vi klarer det, seier rektor Elin Skaatun nøgd.

- Vi har fått hai og ål!

Det manglar ikkje på entusiastiske born på kaien, dei har akkurat vore ute og trekt garn og fangsten denne dagen var også god.

I tillegg til ål og hai kjem dei med både torsk, sei, krabbar og kråkebollar. No skal det sløyast og lika spennande er det å sjå kva som er inni fisken.

- Er dette lurt?

4., 5. og 7. klassingane fekk besøk av Anne Lyssand frå Os lensmannskontor, som hadde fått med seg to kollegaer frå båttenesta i Hordaland politidistrikt.

Lyssand, som er leiar av det førebyggjande arbeidet på lensmanskontoret, snakka med halvparten av elevane inne på skulen.

Ho fortalte elevane blant anna kor viktig det er å ha plettfritt vandel og kva konsekvensane kan vera om ein gjer noko ulovleg.

Ein viktig hugseregel ho gav dei var:

- Tenk nøye gjennom: Er dette lurt? Er dette bra? Kan eg gjera dette utan at det får konsekvensar?

- Dette her har vore eit kjempepositivt opplegg, elevane er berre så engasjerte, seier Lyssand.

Heller båt enn PC

Medan Lyssand tok seg av den førebyggjande delen fekk den andre halvparten av elevane ei innføring i lovar og reglar på sjøen.

Det stod Anders Opsal og Magne Laastad frå båttenesta for, dei hadde tatt turen ut til Øyane med politibåten Kjølen.

- Det har vore veldig kjekt å koma ut her og få visa oss fram og å gje ungane ei innføring i korleis ein skal oppføra seg ute på sjøen, seier Laastad.

Dei hadde begge fått med seg at mange av borna i Øyane var tidleg ute med båtkøyring, noko dei syntest var positivt.

- Heller ut i båt enn å sitja foran PC-en eller henga på eit kjøpesenter.

Motor og fart

Elevane var speselt interessert i motor og fart, og hadde fleire spørsmål til politiet.

- Dei var spesielt interessert i kor rask politibåten er, seier dei og smiler lurt.

Det spørsmålet fekk elevane aldri noko nøyaktig svar på, men at han går fort, det kunne dei stadfesta.

Laastad fortel at dei er ein del i Os med Kjølen og då spesielt i Halhjem/Øyane-området, der det er mykje båttrafikk.

- Folk er blitt flinkare til å bruka vest, men vi ser at mange av ungane har for raske båtar.

- Det hjelper ikkje at foreldra seier at dei ikkje køyrer fort, barn under 16 år har ikkje lov til å køyra båt som går i meir enn 10 knop.

Sjølvfanga måltid

Før elevane tar langhelg onsdag så skal den maritime veka avsluttast med servering av fiskesuppe laga av sjølvfanga fisk.

Då har elevane blant anna fått oppleva båtturar, fiske, besøk av politi, omvising på Inka og Hargun, livreddingsopplegg, kajakkpadling, tur på Kobbervågen og teori.

- Det maritime er ein viktig del av Øyane og for skulen handlar det om lokal tilpassing, fortel Skaatun.

Ho fortel at sjølv om mange er vane med å vera med i båt, så er det andre som har sin første båttur i den maritime veka.

- Desse dagane får elevane bli meir lokalkjend, og dei får læra om sjøvett, fiske og båt. Nokon kan mykje og andre kan lite.

- Kulturen er viktig å ta vare på, og me hadde ikkje fått dette til utan foreldre, besteforeldre og andre som stiller opp kvart år med båtar og mykje kunnskap, avsluttar Skaatun.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.