Her skårar Martin Pedersen sitt andre av tre mål mot Brodd (foto: Andris Hamre)

Solid siger av Lysekloster

Lysekloster banka opprykkskonkurrent Brodd 5-1. – I dag er eg nøgd, seier Ruben Hetlevik.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

I den sterke varmen på Lysekloster Framo Idrettspark laurdag gjekk det ein omgang før det verkeleg lausna for heimelaget.

Førsteomgangen var prega av at Lysekloster hadde ballen, men sleit med å få den i mål. Sjølv ikkje ei straffe etter 23 minutt gav utteljing. Den satte Mohammad Hasan Rahamani såpass midt i målet at keeperen til Brodd ikkje hadde problem med å stoppe den.

Berre fem minutt seinare er det Thorvald Trætteberg som får sjansen, men headinga frå fem meter går over.

Først då det er spelt 41 minutt kjem målet. André Matos gjer eit fantastisk forarbeid på venste kanten og får lagt inn. Der ragar Martin Pedersen høgst og nikkar inn 1-0, men det gjekk ikkje meir enn tre minutt før Brodd utligna på kontring.

Lysekloster - Brodd 5-1 (1-1)
Lysekloster sitt lag: Kjetil Hansen, André Matos, Mats Walberg, Szymon Walczak, Denis Lubovic (Marcus Sannes Thormodsen, 90 min), Mohammad Hasan Rahmani, Rune Åsheim Mo, Vladan Radojkic (Kristoffer Østervold, 85 min), Martin Pedersen, Thorvald Trætteberg, Stian Dyngeland (Sigve Rørstad, 78 min).

Med sigeren inntok Lysekloster andreplassen på tabellen, men dei har ein kamp mindre spelt enn serieleiar Sotra.

Solid andre omgang

Gjestane frå Brodd kjem til den første store sjansen i andre omgang, kor Lysekloster-keeper Kjetil Hansen må ut i full strekk for å hindra ballen fra å gå i mål. Derfrå og ut er det berre eitt lag på banen.

Etter fjorten minutt er Martin Pedersen igjen høgst og hedar inn 2-1. Målet kom etter eit langt innkast som blei stussa vidare til Pedersen.

3-1 kjem når Vladan Radojkic dreg seg fri frå venstre kanten og går langs seksten meteren før han fyrar av frå 18 meter, utagbart for keeper. Etter ei vanningspause prøver gjestene seg igjen, men det blei halvhjarta. I staden blir Martin Pedersen tremålsskårar når han blir spelt fri rett foran Brodd sitt mål. Pedersen fyrer hardt nede til høyre for keeper og tar heimelaget opp i 4-1.

Marcus Sannes Thormodsen blir bytta inn i det 90. minutt og bruker ikkje lang tid på å fastsette sluttresultatet til 5-1.

– Eg er veldig nøgd med heile kampen, også første omgangen. Det er klart den ser litt dårlegere ut når vi berre skårar eitt og får ei kontring i mot, men gutane følgjer kampplanen til punkt og prikke. Dette er ein solid heimesiger, igjen, oppsummerte Ruben Hetlevik, trenar for Lysekloster.