Jubel etter 4-1-siger over Loddefjord på bortebane tysdag kveld. (Privat foto)

Solid siger over topplag

Den gode hausten til Os sitt damelag held fram.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Etter 8-0 over Krabbetor heime i slutten av september spelte Os tysdag borte mot Loddefjord.

Loddefjord, som leia serien fram til tap i toppkamp mot Solid i førre runde, slo Os 4-0 på Kuventræ i juni. I går var det Os som gjekk i føringa.

– Kampen var som dei siste kampane har vore, vi spelte fint og jobba knallhardt, seier trenar Rafael Villén.

Os leia 3-0 før vertane skåra. 3-1 i 85. minutt la inga dempar på stemninga, Vilde Drange Veglo, som òg skåra 3-0-,ålet, auka til 4-1 på overtid.

Loddefjord - Os 1-4 (0-2)
Målskårarar, Os: Charlotte Balland, Vy Mai Nguyen og Vilde Drange Veglo
Os: Anne Kyte - Marthe Gaassand, Ida Skaathun Blindheim, Jorunn Staverløkk, Vilde Drange Veglo, Vy Mai Nguyen, Linda Johansen, Tuve Søreide, Charlotte Balland, Malin Martine Søvik Moldskred, Michelle Beracis, Amalie Lindborg Bøyum, Linn Mari Ellingsen, Mathilde Helland Lassen, Jorunn Balland og Vilde Haugland Kristiansen.

Ligg an til å halda seg i 4. divisjon

Os har berre tapt 1 av dei siste 4 kampane og har med sigeren i går klatra til 8. plass og ligg eitt poeng framfor Tertnes og tre poeng framfor botnlaget Smørås.

Sesongens to siste rundar går mot Bjarg på 6. plass (borte) og Årstad på 4. plass (heime).

– Det har vore til god hjelp med fleire yngre spelarar i stallen, men heile laget har løfta seg, synest Villén.

Berre eitt lag rykker ned til 5. divisjon når sesongen er over.

– Ingenting er sikkert enno, men held vi fram å spela som dette så vinn vi dei to siste òg. Med siger i neste kamp er vi uansett sikra plassen.

TERMINLISTE OG TABELL

Fleire saker