Sølv i KM-sprintstafett
Espen Rognsvåg og Andreas Berge løp Os orienteringsklubb inn til ein sterk sølvplass i KM.
Søndag arrangerte Varegg fleiridrettslag sprint-KM i Bergen sentrum, med start og mål ved Universitetet i Bergen. Løpet gjekk dels på asfalt i bygatene og dels i Nygårdsparken.
Espen Rognsvåg starta for Os og løp ei god førsteetappe, kor han veksla som nummer tre, berre 16 sekund bak Trygve Buanes frå TIF Viking 1.
Andreas Berge tok over kartet og løp laget opp ein plass, trass i at han hadde fjerde beste etappetid, 46 sekund bak Andreas G. Polden frå Gneist 1, som løp sitt lag opp frå tiande til fjerdeplass.
Rognsvåg løp si etappe på 13.35, medan Berge brukte 14.04 på å koma seg rundt løypa.
Resultata frå sprint-stafetten:
H15-: 1) TIF Viking 1, 27.02, 2) Os Orienteringsklubb 1, +0.37, 3) Varegg Fleridrett 1, +0.42, 4) Gneist, IL 1, +1.18, 5) Varegg Fleridrett 5, +2.41, 6) IL Gular 1, +2.47, 7) Gneist, IL 2, +3.23, 8) Varegg Fleridrett 2, +3.30, 9) TIF Viking 2, +3.33, 10) Varegg Fleridrett 3, +3.40, 11) IL Gular 3, +4.32, 12) IL Gular 4, +6.04, 13) Varegg Fleridrett 4, +6.35, 14) Stord Orientering 1, +7.02, 15) IL Gular 2, +7.30, 16) Fana IL 1, +16.13.
D15-: 1) Gneist, IL 1, 24.35, 2) IL Gular 1, +0.04, 4) Fana IL 1, +0.20, 5) Bergens TF 1, +0.32, 6) Varegg Fleridrett 1, +0.38, 7) TIF Viking 1, +0.58, 8) Gneist, IL 3, +2.50, 9) Gneist, IL 2, +5.02, 10) Os Orienteringsklubb 1, +6.26, 11) IL Gular 2, +6.34.