Sport | 08. nov. 2009

Sølv og to gull

Os 1 slo Os 2 i 13-årsklassen, i 14-årsklassen stakk Nore Neset av med sigeren i Fana Sparebank Cup.

Sølv og to gull
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. nov. 2009 15:17

Bildeserie:

1 av 1

Sundag morgon møtte to lag frå Os kvarandre i finalen i smågutar 13 i Fana Sparebank Cup, som blei arrangert for første gong i år.

Os 2, som består av spelarar med bakgrunn frå Os Turn Fotball og Søre Neset, skåra det første målet, men så tok dei tidlegare Jada-spelarane på Os 1 over. I kvite drakter skåra Os 1 fem mål før Os 2 til slutt reduserte til 5-2, som også blei sluttresultatet.

- Foreldre og søsken til spelarane var med på å gjera dette til ei kjempefin avslutting på sesongen. På tribunen var det heiarop, Os-songar, flagg og alt som høyrer til i ein finale, fortel Os 1-trenar Terje Kvittingen.

Ein jury frå cupleiinga kåra Lars Erik Lunde frå Os 2 til finalens bestemann, og han fekk med seg ein fin premie for tittelen.

Os 1 - Os 2: 5-2 (1-1)
0-1 Thomas Kopperud
1-1 Adrian Valle
2-1 Philip Moe Haugland
3-1 Mattias Lund
4-1 Mattias Lund
5-1 Aksel Skår
5-2 Adrian Walle

Nore Neset vann 14-årsklassen
I smågutar 14 kom to andre lag frå Os langt. Nore Neset, som slo Os 2-1 i semifinalen, møtte Smørås 1 i finale klokka 11 sundag formiddag.

Nore Neset stakk av med 1. plassen etter 3-2-siger over laget frå Smørås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.