Kultur | 04. mai 2010

- Som å spela utan bukse

Fleire band frå Os Rockeklubb speler i kveld heismusikkvarianten av eigne låtar - i kunstgalleriet til Frode Sirevåg.

- Som å spela utan bukse
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. mai 2010 10:12

- Frode gav meg utfordringa for fleire månadar sidan. Dess nærmare vi har kome konserten dess meir har eg lurt på kva det er eg har takka ja til, seier Kjetil Grønvigh frå Os Rockeklubb og bandet Warfart.

Frode Sirevåg driver galleriet Frode Art i Buggegården, og har hatt flere arrangement med blanding av kunstutstilling og musikalske opplevingar. Tysdag kveld er det band frå rockeklubben som skal spela så stille dei kan.

Lærerik periode
Grønvigh fortel at han har vore rundt og høyrt banda øva til denne nærmast akustiske konserten.

- Nokre har med seg ein liten forsterkar, men det blir tilnærma akustisk. Det har vore uvant for oss rockarar å spela så stille, det er som å gå ut utan bukse når du ikkje får dra på skikkeleg.

- Men det høyres bra ut, det banda har øvd inn til no, forsikrar han.

Man meets machine
Warfart, Bone Shakers, Abstractium og eit band frå Allaktivitetshuset er blant dei som skal spela. I tillegg får vi eit tilfelle av «man meets machine».

- Eg har med meg ein 13-åringen som er rå på beatboxing, og backar han med trommer på eit opplegg vi har laga saman, fortel Kjetil.

Galleriet opnar klokka 19 medan underhaldinga startar cirka ein time etter opning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.