Kultur | 16. apr. 2015

Sommerfuggel i Osaland

Halvdan Sivertsen kjem til Osfest.

Sommerfuggel i Osaland
Halvdan Sivertsen. (Foto: Brynjar Stabell Erdahl)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. apr. 2015 06:06

I går spelte han for ein fullsett Grieghallen, i sommar kjem Halvdan Sivertsen (65) til Os.

– Vi er stolte over å kunna presentera den folkekjære gitarkameraten til årets festival, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

– Halvdan Sivertsen har spreier humør og leverer tekstar til ettertanke, seier Osfest-arrangøren.

Fem spellemannprisar

Sivertsen er fødd i Tromsø og bur i Bodø. Han har vunne Spellemannprisen heile fem gongar, tre av dei åleine og to av dei med Gitarkameratene (Jan Eggum, Øystein Sunde og Lillebjørn Nilsen).

Blant dei mest kjente låtane hans finn vi «Kjærlighetsvisa», «Sommerfuggel i vinterland» , «Venner» og «Nordaførr vårvisa».

Han debuterte med albumet Halvdan 23 1/2 år i 1973 og gav i 2012 ut sitt 17. soloalbum «Gjør det så gjerne», som låg fire veker på VG-lista. Det same året var han med på TV2-programmet «Hver gang vi møtes».

Halvdan speler på Osfest fredag 31. juli.

Frå før er desse lansert til årets festival:

Fredag 31. juli:
Halvdan Sivertsen
Elvira Nicolaysen
Gabrielle
Elg

Laurdag 1. august:
Christine Sandtorv (dagtid, Oseana)
Bendik Brænne
Monica Heldal
deLillos
Kurt Nilsen

Cruise med MS Midthordland og/eller VIP-telt på festivalområdet: Terje Frigaard, Twang Gang, MK's Marvellous Medicine og Håvard Skåthun.

På fest og konsert med Twang Gang i Oseana fredag 24. april skal dei siste artistane til årets festival sleppast.

Sjå video frå Osfest 2014.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.