Lokal | 02. sep. 2019

Søndagsbråk i Os sentrum

Politiet fekk melding om trøbbel mellom to personar og hamring på dører på Øyro.

Søndagsbråk i Os sentrum
Politiet fekk melding om tillaup til slåstkamp i Os sentrum søndag kveld. (Arkivbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. sep. 2019 07:31

Søndag kveld fekk politiet melding om bråk mellom to personar på ein utestad.

Seinare på kvelden kom det melding om at ein person gjekk og hamra på ei eller fleire dører på Øyro.

– Bråket på utestaden skal ikkje ha eskalert, det var heller ingen patrulje ute på meldinga, seier politioverbetjent Atle Birkeland.

– Det er mogleg at dei to meldingane har samanheng, men det veit vi førebels ikkje.

Politiet fortel om ei elles roleg helg i Os, men på dagtid laurdag blei det livleg.

– Politiets Dag blei ein suksess! Vi hadde mange folk innom standen vår, og det var veldig kjekt for oss å treffa innbyggarane på denne måten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.