Song for 900
Mot og meistring: – Dette blei Andrea Valle Hægland sin dag, seier Bjørn Tore Bystrøm frå MOT.
Som MOT-kommune har Os vore ein av tre pilotkommunar som har deltatt i eit nytt prosjekt, Mestringsreisen. Andrea Valle Hægland har med sitt songtalentvore blant deltakarane, og i går heldt ho konsert for alle ungdomsskuleelevane i Os.
– Andrea har vore på MOT-camp der vi har snakka om meistring, å følgja draumane sine og ha mot til dyrka sitt eige talent, seier prosjektleiar frå MOT sentralt, Bjørn Tore Bystrøm.
750 ungdomar og rundt 100 lærarar var samla i Oseana.
– Det var ein veldig kjekk camp, seier Andrea, spent før framføring for rekordmange ungdomar i Oseana.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
Flotte ambassadørar
Andrea fekk framføra fleire songar for det store publikummet, og ho fekk bli akkompagnert av MOT-ambassadørane Orbo & The Longshots.
To andre lokale band stilte også opp og fekk spela for ungdomsskulelevane, Pink Disease og Abstractium.
– Arrangementet gjekk knirkefritt og dette blei nok ein kjekk dag for både dei på scenen og dei i salen. Eg er imonert over Andrea og dei unge i rockebanda, og takksam over at vi har så flotte ambassadørar som ORBO & The Longshots, seier MOT-koordinator i Os, Ellen Merete Lyssand.
– Rekordmange ungdomar
– Publikumsrekorden vår er på 1150 då Vamp spelte sankthansaftan under opningsveka i 2011. Men vi har aldri hatt så mange ungdomar her før, seier Janne Mari Hjelle frå Oseana.
– Med Battle of The Bjørnefjord førre månad og Anja Elena på veg inn dørene fredag håper vi på å få eit større publikum blant ungdomane, legg ho til.
VIDEO: Sjå delar av konserten med Andrea Valle Hægland, Pink Disease, Abstractium og ORBO & The Longshots. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)