Os kammerkor i Spania

Song Queen mellom vintønner i Spania

Sjå bilde og video av Os kammerkor sin tur med to konsertar i Tarragona.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I juni fortalde Os kammerkor om komande fellestur til Tarragona i Spania. Etter felleskonsert med Os Mannskor i foajeen i Oseana sette kammerkoret seg på flyet. Nesten.

– Vi måtte ta eit noko seinare fly enn først planlagt, og det blei akkurat så vi rakk den annonserte konserten i The Cathedral of Tarragona, fortel kormedlem Georg Jørgensen.

Han har vore i Tarragona med Os Travel før, og tok initiativ til turen.

– For det første likte eg området, stemninga og maten veldig godt, for det andre veit eg kva Os Travel står for. Både det å setja saman turar, og å fungera som reiseleiarar, er noko Eva og Hans verkeleg kan.

I god tid før avreise var både konserten i katedralen og på vingården Mas Blanc i Jové omtalt og annonsert i lokalaviser og på radio.

– Sjølv om vi så vidt rakk innom hotellet før konserten i katedralen, er eg glad for at vi fekk gjennomført. Billettinntektene gjekk til ei lokal celebral parese-foreining, og med rundt 75 betalande gjestar i katedralen blei det nokre kroner.

– Opplevinga av å synga i ein katedral innvigd på 1300-talet var dessutan veldig flott.

Mellom vintønner og oliventre

Dagen etter var det ny konsert, også dette i særeigne konsertlokale, denne gong for over hundre publikummarar.

– Å synga Bohemian Rhapsody mellom vintønner og kunst var verkeleg noko for seg sjølv, synest Jørgensen.

Sjå video øvst i artikkelen.

Vingarden har nyleg vunne åtte internasjonale Wine Awards for vinane sine.

Kammerkoret serverte alt frå folkeviser til Henrik Lyssand, Alf Prøysen (på spansk), Queen og Beatles, før dei sjølv fekk ein runde med vinsmaking. Så gjekk turen ut i olivenlunden til Santiago Recasens. Der var det dekt langbord med tapas, og Santiago lagde paella mellom trea i olivenlunden.

– Det var eit nøgd, mett og litt trøytt kor som sette seg på bussen inn til Tarragona den kvelden, seier Georg.

Seinare på turen var det restaurantbesøk i Tarragona by. Koret kvir seg ikkje for å synga for maten, eller under og etterpå, noko som var til begeistring frå både andre gjestar og forbipasserande. Den eine kvelden fekk ungane som budde i etasjen over ein tapasbar ei nydeleg god natt-vise framført av koret på gateplan.

Os kammerkor syng god natt-vise from Midtsiden on Vimeo.

Fleire saker