Næringsliv | 30. mai 2010

Søppel-streik

Grunna streik blir det ikkje henta restavfall frå og med i morgon.

Søppel-streik
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 30. mai 2010 15:43

Driftsoperatørar på energianlegget i Rådalen er tatt ut i streik.

Frå måndag 31. mai hentar ikkje Bir restavfallet ditt, men sortert avfall, som papir og papp, blir henta som normalt.

Du kan heller ikkje levera restavfall på gjenvinningsstasjon.

Fram til streiken er over må du samla opp restavfallet ditt, gjerne i ein bossekk, og du treng ikkje kjøpa sekk av Bir for å få posen henta på neste tømmedag.

Her er nokre andre tips til korleis du kan handtera restavfallet ditt medan du ventar på at streiken er over:
• Kildesorter mest mogleg, slik at det blir minst mogleg restavfall.
• Komprimer bosset godt, og knyt posane godt sammen.
• Ikkje fyll opp bosspannet med avfall som kan vente.
• Sett bosspannet i skyggen.
• Frys ned matavfall som kan gje sterk lukt, som for eksempel fiskeslo og rekeskall.

Sjå fleire tips og svar på vanlege spørsmål p Bir.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.