Sport | 26. sep. 2011

Søre Neset heng med

Tok 3 poeng i kveld: – Neste kamp blir den viktigaste i Søre Neset si histore, meiner Øvrebø.

Søre Neset heng med
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. sep. 2011 20:03

Etter at dei gav 2. plassen frå seg til Solid i førre runde har Søre Neset gjort kampen om den andre og siste opprykksplassen ekstra spennande.

No er dei avhengige av at Solid gjev frå seg poeng, i tillegg må dei sørgja for å ikkje snubla fleire gongar sjølv. Noko dei nesten gjorde i dag igjen.

Søre Neset - Vadmyra 2: 3-2 (1-2)
Målskårarar, Søre Neset: Robin Hjertnes, Tore Kinden og Anders Kinden.

– Hadde vi gjort jobben vår på heimebane i år så hadde vi også lagt på sikker opprykksplass, sånn Lysekloster gjer. Vi har tapt fem bortekampar, det er tre for mange, meiner trenar Morten Øvrebø.

I kveldens heimekamp tok dei leiinga over Vadmyra 2 då Robin Hjertnes sette inn 1-0 i 20. minutt. Men gjestane utlikna i 31. minutt og tok leiinga to minutt seinare.

– Vi har gode spelarar bak, men for mykje utskifting frå kamp til kamp, og då hender det at vi får litt kommunikasjonssvikt og slurv.

I 2. omgang blei det betre, brørne Tore og Anders skåra kvar sitt og gav Søre Neset dei nødvendige tre poenga som skal til for å halda liv i opprykksdraumen.

Desse kjempar om 2. plassen og opprykk til 4. divisjon:
2. Solid har 35 poeng og 11 i målforskjell
3. Søre Neset har 34 poeng og 17 i målforskjell
4. Rosendal har 32 poeng og 17 i målforskjell

Sånn ser innspurten (3 siste kampane) ut:
(Resultat frå vårens møte i parantes)

• Solid møter Vadmyra 2 borte (siger 6-0), Eidsvåg heime (tap 0-1) og heimesterke Rosendal på bortebane (siger 1-0)

• Rosendal tar imot Søre Neset heime (siger 5-1), speler mot Vadmyra 2 borte (siger 7-2) og avsluttar heime mot Solid (tap 0-1)

• Søre Neset møter Rosendal borte (tap 1-5), botnlaget Baune 2 heime (siger 2-0) og Laksevåg 2 borte (siger 8-1 i vår)

– Vi må vinna alle dei siste, men den tøffaste og viktigaste kampen blir laurdagens borteamp mot heimesterke Rosendal. Utan siger er sjansane minimale, med full pott i denne trur eg vi kan gå inn i siste runde som opprykksfavorittar, for Solid får det også tøft borte mot Rosendal, og dei har denne kampen til slutt, seier Morten Øvrebø.

Tabell, 5 div avd 2

Midtsiden samleside: Søre Neset Fotball

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.