Sport | 09. jan. 2017

Søre Neset i kne

Heimelaget sitt første poeng kom etter ti minutt, på stillinga 0-12.

Søre Neset i kne
Søre Neset sleit med å reise seg etter å ha bli tvingt i kne i starten av kampen mot Viking 2 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 09. jan. 2017 21:23

Søre Neset fekk eit tøft møte med serieleiar Viking 2 heime i Nore Neset Idretthall måndag ettermiddag. Før det var gått 10 minutt leia gjestane heile 12-0 (!). Spesielt mottak av servar sleit vertane med, ballene gjekk ofte rett i taket.

– Dei spenner armane for tidleg og slår ballen i staden for å dempa den. Det gjer at den treff feil på armen og går i alle retningar, forklarte tidlegare trenar Morten Erikssen i pausen mellom det første og andre settet. Første settet endte 7-25.

Kva som eigentleg skjedde klarte ikkje spelande trenar Ingrid Tombre å forklara.

– Eg veit ikkje heilt som skjer, anna enn at det var totalkollaps av oss.

Kom betre i gang

I det andre settet fekk dei omlag 30 på tribunen trua på at kanskje skulle volleyballdamene til Søre Neset klare å reise seg. Vertane heldt følgje med Viking til 6-6 før dei to leiinga 11-6, men då sa det igjen stopp. Viking utligna til 11-11 før dei rykte fra og vann settet med fem poeng, 20-25. Det virka som om Søre Neset-spelarane mangla samhandling og kommunikasjon, der dei delvis kom i vegen for kvarandre gang etter gang.

– Du har nok rett i det. Vi har ikkje fått trent så godt saman som vi gjerne skulle. Det har vore vanskeleg å få folk på treninga den siste tida, innrømma Tombre.

Missa i mottak og blokk

Det tredje og siste settet blei ein mellomting mellom dei to første. Igjen startar Søre Neset svakt og hamnar bakpå 2-7, før assistenttrenar Morten Asphaug ser seg nøydd til å ta timeout, utan at det hjalp nemneverdig. Søre Neset-spelarane virka som om dei hadde gitt opp og mista trua på at dei skulle klara å vinna settet. I tillegg blei det vanskeleg når mottaka og blokkene heller ikkje satt og dei taper settet til slutt 12-25.

– Er det marerittstarten som heng igjen i dei to neste setta?

– Det kan godt vera at vi drar med oss den dårlege starten i resten og kampen og at det er det som gjer at vi ikkje klarer å komma oss inn i den. Eg veit rett og slett ikkje, oppsummerer Tombre.

Allereie søndag har dei igjen ein ny tøff heimekamp når dei tek i mot Trio som dei siste sesongane har vunne 2. divisjon, men som har vegra seg mot opprykk.

Søre Neset - Viking2 0-3 (7-25, 20-25, 12-25)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.