Lokal | 01. sep. 2015

Søre Neset treng ei stemme

Lesarinnlegg: Søre Neset er blitt delen av Os som politikarane har gløymd, meiner Glenn Erik Haugland (V).

Søre Neset treng ei stemme
Glenn Erik Haugland er 2. representant for Venstre ved kommunevalet (foto: Silje Lepsøy)
Andris Hamretirsdag 01. sep. 2015 06:18

På 70-talet blei det bygd ein veg tvers gjennom Lekven, Lunde, Haugland og Halhjem som skulle føre til utvikling og fleire arbeidsplassar. Resultatet blei det motsatte. Butikken, Posten og dei naturlege møtestadane forsvann. Det sterke felleskapet på Søre Neset gjekk i oppløysing og det vart færre, ikkje fleire arbeidsplassar.

Etter at gassferjane kom har det gått frå vondt til verre. Igjen fekk Søre Neset prakka på seg eit stort samferdselsprosjekt som resulterte i rasering av eit idyllisk naturområde på Halhjem og meir støy. Ikkje berre frå vogntog og bilar, men no også frå store ferjer døgnet rundt på Halhjem.

Det toppa seg for meg når planane om gigantbru over Bjørnafjorden blei hypa fram av bedrifter på Stord med god hjelp av overivrige Frp/H politikare, mellom anna vår eigen ordfører. Ei slik bru vil på toppen av det heile, vil rasere store delar av rekreasjonsområdet i skjergard her uansett korleis den ilandførast. Kva for garantiar har vi for at ikkje trafikken vil gå gjennom Søre Neset når prislappen om nokre år nærmer seg det astronomiske?

Den politiske hersinga med heimstaden min tar ikkje slutt. I valkampen har Frp/H-politikare tatt Søre Neset som gissel for bru over Bjørnafjorden. Skamlaust loves det ei «trafikkfri Søre Neset» med bru over Bjørnafjorden. Det er ikkje berre frekt, det er feil. Søre Neset blir akkurat like ferjefri med E39 via Fusa. Faktisk vil dette bli betre, for då slepp vi all anleggstrafikken som bygging av gigantbrua og asfaltstripa vil føre med seg.

Sjølvsagt ser alle fram til å sleppe ferjetrafikken gjennom bygda, men vert det mindre trafikk av den grunn? Ferjetrafikken utgjør i dag berre ca. 1/3 av trafikken på Halhjemsvegen. Når brua eventuelt ein gong i framtida står ferdig vil trafikken frå dei mange nye bustadane som bygges mellom Halhjemsmarka og Lekven vera like høg som den er i dag med ferjetrafikken. Difor meinar vi i Venstre at det einaste som vil hjelpe er støytiltak langs Halhjemsvegen.

Det er å halde folk for narr å påstå at bru over Bjørnafjorden vil minske trafikken på Søre Neset!

Eg er levande opptatt av Søre Neset som ein trygg og god plass for barn i veksa opp i. Statens Vegvesen gjekk før sommaren ut og fortalde at dei ville bygge gang og sykkelveg frå Halhjem til Lepsøykrysset. Det vil ikkje FrP og Høgre. Dei vil heller bruke pengane på å redde ansikt i Bjånesutbygginga og lage gang og sykkelveg der i staden. E39 er livsfarleg for barna på Søre Neset. Eg som bur rett ved vegen ser kvar einaste dag nestenulykker med barn som sprett ut i vegen foran store vogntog.

Den kraftige utbygginga i Halhjem og på Lekven legg press på skulane her. Lunde skule har sprengt kapasiteten for lengst og elevane må ha friminutt på skift. Venstre vil framskunde arbeidet med å ruste opp Lunde skule. Også på Halhjem trengs det ei utviding av Halhjem barneskule. Venstre vil bygge idrettshall/Allaktivitetshus på Halhjem slik at skulen kan bli fullskule 1. - 7. klasse.

Den ukritiske ja-haldninga til det noverande FrP/H-regime opplevast som urettferdig, tilfeldig og kaotisk. Nokre plassar ser det ikkje ut med hus tett i tett i alle slags former og farger. Venstre vil ha meir kontroll på utbygginga. Vi vil også bygge ut dei gode møtestadane. Legge til rette for butikk på Søre Neset igjen, mellom anna.

Det er ikkje mange frå Søre Neset på listene til dei andre partia. Frp har ein sørenesing først på 10. plass på si liste. TVS har ingen. Eg vil stå opp for Søre Neset om eg får tilliten. Eg er engasjert i utviklinga av bygda der eg vokste opp. Det må vera slutt på å bølle med Søre Neset!

Glenn Erik Haugland
2. kandidat Os Venstre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.