Kultur | 17. okt. 2021

Søskenpar speler tangomusikk på Lyngheim

– Publikum snakkar om ei særegen melankolsk glede etter å ha opplevd duoen.

Søskenpar speler tangomusikk på Lyngheim
Julie og Andreas Rokseth kjem til Os tysdag. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 17. okt. 2021 18:18

Stiftinga Det historiske tunet på Lyngheim er i gang med intimkonsertar igjen, tilbake i eiga stove på Lyngheim etter pandemien.

Tysdag kjem søskenparet Julie og Andreas Rokseth for å spela.

– Dei utgjer eit heilt spesielt tango-orkester. Dette blir ei unik musikkoppleving! seier styreleiar Magne Brekke.

Julie er den eineste i verda som har tatt eksamen i argentinsk tango spela på harpe. Andreas er ein meister på bandoneon, det vesle trekkspelet som fargar så mykje argentinsk tango på ein kraftfull og samstundes kjenslevar måte.

Den sjeldne kombinasjonen av det røffe og melankolske bandoneonet saman med den majestetiske og elegante harpa skaper ei djup musikalsk spenning.

– Duoen kjem for å presentera deira tredje album, Sildring. Dette er kunstmusikk inspirert av keltisk og skandinavisk folkemusikk, og argentinsk tango.

– Publikum snakkar om ei særegen melankolsk glede etter å ha opplevd konsertar med duoen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.