Spant rundt ved Osbadet
To ATV-ar og ein bil "leika" seg på parkeringa ved Osbadet med sladding på glatta. Ein mista førarkortet for uvettig køyring.
I 1330-tida onsdag ettermiddag fekk politiet melding om uvettig køyring på parkeringsplassen ved Osbadet på Kuventræ.
– Det var to 4-hjulingar (ATV) og eit køyretøy som dreiv å sladda rundt på parkeringsplassen, medan ei gruppe elevar sto og såg på. Vi reiste opp der og tok kontakt med dei involverte, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Tok førarkortet
Sjølv om sladdinga var avslutta då politiet kom til staden endte det med beslag av eitt førarkort.
– Den eine føraren av den eine ATV-en blei anmeldt for brot på vegtrafikkloven sin §3, som mellom anna seier at einkvar skal ferdast hensynsfullt og vera aktpågivande og varsom så det ikkje kan oppstå fare eller voldast skade.
– Han fekk førarkortet beslaglagt for ikkje å ha tilstrekkeleg kontroll på køyretøyet. Han samtykka i at førarkortet blei beslaglagt, seier politioverbetjenten.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.