Nore Neset idrettslag | 25. okt. 2021

Spelarutviklar viste korleis det skal gjerast

Martin skåra hattrick for Nore Neset 2, og redda plass i opprykksstriden før siste serierunde.

Spelarutviklar viste korleis det skal gjerast
Martin Røttingen Eidsvik er tilsett i Nore Neset idrettslag. I går gjorde han litt ekstra for løna. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. okt. 2021 06:59

Onsdag sikra Nore Neset opprykk til 5. divisjon, laurdag avslutta dei serien med 9-2-siger og status som serievinnar.

Søndag spelte Nore Neset 2 nest siste serierunde.

Kampen enda 5-1. Spelarutviklar Martin Røttingen Eidsvik blei matchvinnar med tre mål på rad og sendte Nore Neset 2 frå 2-0 til 4-1.

Martin hadde 9 kampar for Os sitt A-lag i 2018 og 3 for Os 3 i 2019. Dette var hans andre kamp for Nore Neset 2. Også i førre kamp skåra han mål.

Nore Neset 2 - BI Bergen 2 5-1 (1-0)
Målskårarar, Nore Neset 2: Vegard Storum Hjelle, Martin R. Eidsvik 3 og Magnus Spangelo Haga
Tropp og kampfakta på fotball.no

Med gårsdagens siger klatra Nore Neset 2 frå 4. til 3. plass på tabellen. Og no er det jamt, med 19 poeng til serieleiar og 18 poeng til alle på dei tre neste plassane.

Men i siste serierunde er det 1. plass mot 2. plass, NHHI 3 mot Njardar/Tysnes.

Nore Neset 2 på 3. plass speler borte mot Baune 3 på 4. plass.

Det betyr at Nore Neset sikrar minst 2. plass og opprykk om dei vinn seriens siste kamp.

Om dei speler uavgjort og serieleiar vinn sin kamp, er det også godt nok.

* Midtsiden har ikkje tatt omsyn til om NHHI 3 eller Baune 3 kan vera hindra opprykk avhengig av klubbens andrelag si plassering i divisjonssystemet.

Førstkomande søndag blir det avgjort.

Tabell og terminliste på fotball.no

Tabellen før siste serierunde. (Skjermskot: Fotball.no)
Tabellen før siste serierunde. (Skjermskot: Fotball.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.