Fotball | 03. nov. 2012

Speler cupfinale i dag

Om du tar turen til Arna eller ser på NRK kan du i dag få med deg osingen Åsne Takle Eide (18) og Arna-Bjørnar kjempa finale i junior-NM.

Speler cupfinale i dag
I tillegg til å spela i Toppserien har Åsne vore innom aldersbestemt landslag fleire gongar dei siste åra. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 03. nov. 2012 07:29

Fotballtalentet Åsne Takle-Eide, som dei siste åra har spelt for Toppserie-klubben Arna-Bjørnar, skal laurdag spela NM-finale for junioarar på heimebane i Arna Idrettsspark.

Arna-Bjørnar slo Lyn 4-0 i semifinalen, finalen startar klokka 13.00 og går mot Stabæk.

Kampen blir vist direkte på NRK1 med sending frå klokka 12.50.

Ved sidan av suksess med juniorlaget har Åsne spelt 18 av 20 seriekampar med seniorlaget til no, over halvparten av desse frå start.

Arna-Bjørnar sitt seniorlag ligg, før dei to siste rundane, på 3. plass på tabellen, a-poeng med Stabæk som har 8 betre i målsforskjell.

Serieleiar LSK har 6 poeng meir enn Arna-Bjørnar og Stabæk.

Arna-Bjørnar blei tidlegare i haust noregsmeister i klassen jenter 16. Seniorlaget til Arna-Bjørnar kom til semifinalen i NM.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.