Sport | 02. aug. 2012

Speler kvartfinale fredag

Norway Cup: Jenter 14, gutar 16 og juniorlaget til Os held fram med å vinna seg vidare i A-sluttspelet.

Speler kvartfinale fredag
Os J14, bak f.v.: Astrid, Anna K., Guro, Mathea, Dorte, Elin, Tonje L, Christina, Kristina, Anne. Framme f.v.: Marte, Amalie, Inger Lise, Anna M., Regina, Vilde, Tonje T. og Silja. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. aug. 2012 21:55

KIL/STIL sitt gutar 13-lag rauk ut i 1/8-finalen med 0-3-tap for Nordstrand, men tre av dei fire laga frå Os Turn som kom til A-sluttspelet tok seg vidare i løpet av torsdagen.

Jenter 14 møtte Team Nes, som spelte 0-0 mot Driv, som kom til semifinale i fjor, men hadde lite å by på mot Os i striregn på gjørmete gras.

Jentene frå Os pressa kampen gjennom, tok leiinga på straffe (Guro Drange Veglo), men fekk ei utlikning på frispark rett utanfor 16-meteren før pause.

Også i 2. omgang var det full Os-dominans, med gjennomløp, innlegg og mange gode cornarar utan skåring. Kampen gjekk til ekstraomgangar/golden goal og i den siste 5-minuttsrunden, etter eit solid soloraid ut til cornerflagget og inn igjen, putta Tonje Lindbom på eit skot som gjekk via ei mislykka Team Nes-klarering over keeper og i mål.

Jentene, som no er i topp 8 av 84 lag, speler kvartfinale mot Sogndal, som dei slo 5-0 i innleiande runde i Sogndal Cup i fjor, men tapte på cornarar i finalen. Kampen går klokka 14 på reservebane Løren.

Fredrik x 3

Juniorlaget til Os spelte i dag 1/16-finale mot Sunndal.

Os tok ein grei 3-1-siger etter tre skåringar av Fredrik Heggland.

Os skulle spelt 1/8-finale torsdag kveld, men grunna regn blei Ekeberg stengt og kampen mot Lørenskog, som slo Karanba 1-0, utsett til klokka 9 på reservebane Marienlyst fredag morgon.

Storsiger til gutelaget

Bortsett frå straffekonkurransen mot svært baktunge Askøy 3 har Os 1 hatt full kontroll gjennom turneringa.

– Gutane innfrir på alt og viser seg som veldig disiplinerte, både på banen og på fritida, med søv, mat og kvile, seier trenar Bjørn Mjelva.

I dag var det 1/16-finale mot Driv i den 208-lag store guteklassen. Os leia 3-0 etter rundt 10 minutt.

– 3-0 sto seg til pause. Eg bad gutane skåra eitt mål til, så eg kunne snu meg og sjå på kampen på nabobanen, som gjekk mellom dei to søramerikanske laga som kjempa om å bli vår neste motstandar.

Os leverte 5 nye mål etter pause og Mjelva fekk sjå Alunorte Rain Forest slå Pequeninos Do Jockey 2-1 i ein kamp fylt med mykje søramerikansk temperament - på godt og vondt.

– Dette er lag vi kan slå. Det eg uroar meg mest for er skadar på min til no 17 mann sterke, skadefrie tropp.

Målskårarar i dagens kamp: Sander Kvittingen 2, Joakim Lyssand, Lars Erik Lunde, Bjarte Halhjem (straffe), Emil Halvér og Adrian Valle.

Gutelaget speler 1/8-finale klokka 9 på Ullern reservebane fredag morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.