midtsiden

Spellemannspris til Maya

I fjor var det ORBO & The Longshots, i år sørgja Maya Vik for Spellemannspris til Os.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I Os er nok Maya best kjent for si tid i bandet Furia, i kveld vann ho Spellemannspris med bandet Montée for debutalbumet Isle of Now.

Montée vann Spellemannspris i klassen popgruppe. Montée består av, i tillegg til Maya; Anders Tjore, Erlend Mokkelbost og Marius Simonsen. Bandet fekk terningkast 6 i BT og 5 i VG for Isle of Now.

Andre osingar var også nominert, men metalrockarane i Immortal takka nei til nominasjonen.

Fleire saker