Spelte kvar sine treningskampar i kveld

Lysekloster tok imot Lyngbø, Os spelte heime mot Fana.

Jubel etter skåring i dagens treningskampar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. juni 2021 22:35

Laurdag vann Os 3-0 heime over Gneist i første treningskamp sidan 12. mars 2020.

I dag spelte både Os og Lysekloster treningskampar på kvar sine heimebanar.

Lysekloster tok imot Lyngbø, som kom på 3. plass i Os 2 si 4. divisjonsavdeling i 2019.

Lysekloster leia 3-0 til pause og vann 4-1 etter 2 x 35 minutt.

Os tok imot Fana, som dei slo i treningskamp vinteren 2020, men tapte for i to rundar og landa seks plassar bak på tabellen i 2019 (Fana på 5. plass og Os på 11. plass).

Fana tok leiinga i 40. og siste speleminutt av første omgang.

Os utlikna, men Fana sikra sigeren med 1-2-skåring cirka 5 minutt før full tid.

Vi kjem tilbake med lagoppstilling, bildeseriar og kommentarar etter dei to kampane.

Seriestart er 7. august.

Det blir spelt enkel serie i haust, altså 13 kampar på kvart lag. Os startar med heimekamp, Lysekloster med bortekamp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.