Lokal | 02. okt. 2012

– Spennande å sjå kor dei veks

"Tjuvfiskarane" vi skreiv om i går, som viste seg å vera frå Havforskningsinstituttet, har lært mykje av prøvefisket etter hummar.

– Spennande å sjå kor dei veks
Eva Farestveit og Ole Ingar Paulsen om bord i "Fangst Molde", som dreiv prøvefiske etter hummar i Os i går. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 02. okt. 2012 09:40

Dei 15 teinene som sto i sjøen utanfor Steinneset søndag, dagen før årets hummarfiske starta, er alle lovlege teiner frå Havforskningsinstituttet.

– Det sto ingen teiner ute då vi sette, seier Eva Farestveit frå forskingsbåten "Fangst Molde".

– Vi driv prøvefiske i Midt- og Sunnhordland, men har i år berre kapasitet til å fiska denne eine plassen i Os i tillegg til nokre nabokommunar.

Måling og merking

Forskarane fiskar med teiner utan rømmingsveg. Dei veg, målar og merker hummaren før dei set den ut igjen.

– Det er spennande å notera seg gjenfangst, vandring og vekst. Eg er spesielt imonert over kor raskt klør veks ut igjen, seier Eva.

God dialog med fiskarane

Prøvefisket etter hummar er eit prosjekt som starta for 2-3 år sidan, og som har gjeve forskarane mykje gode data.

– Vi har veldig god dialog med fiskarane, spesielt i Os, der vi har utført prøvefiske så nær sentrum. Fiskarane er veldig flinke til å rapportera inn merka fangst, seier leiar for prosjektet, Ann-Lisbeth Agnalt.

– Og det er ingen som er kritiske til at de uroar hummaren på ein populær fiskeplass, dagen før fisket startar?

– Nei, det har ikkje vore det. Men vi vurderer å starta prøvefisket litt tidlegare, så ikkje vi konkurrerer med fiskarane.

Kort vandring

Blant det forskarane har funne ut til no er at det er cirka 50/50 av hummarane som har knusekloa på høgre/venstre side, hannhummaren passerer ofte minstemålet i ein alder på 4 år, hoa på 5-6 år.

– Enkelte blir ikkje særleg større enn minstemålet sjølv når dei er 10 år, det er veldig ulikt kor fort hummaren veks. Hannhummaren har ofte større klør enn ho-hummaren.

Agnalt fortel elles at hummaren vandrar korte distansar, sjeldan meir enn 500 meter, det meste dei til no har notert er 1 km.

– Det var eit tilfelle der eit par hadde vandra fleire kilometer. Men i etterkant viste det seg at dei var fiska eit godt stykke vekke frå der dei var sett ut, så i mine auge var dei på veg heim.

– Det er med andre ord gjerne ikkje noko vits i å setja ut rognhummar utanfor flytebrygga si i håp om at det skal veksa opp ein hummarfamilie i nabolaget. Den vandrar truleg vekk i retning der den blei fiska.

Fleire med rogn

Sidan 2008 har rognhummaren vore freda. Til no denne sesongen ser det ut som om neste år kan bli bra med yngel.

– Det er registrert bra med rognhummar i år, og det gleder vi oss veldig over! seier Ann-Lisbeth Agnalt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.