Næringsliv | 03. jan. 2011

Spesialbutikkane veks mest

Både julehandelen og 2010 samla sett blei bra for AMFI Os. Her er dei 10 som vaks mest.

Spesialbutikkane veks mest
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. jan. 2011 20:38

Lysthuset på AMFI Os auka omsetnaden med 48,5 prosent frå 2009 til 2010. Berre Tropehagen Zoo, som hadde stengt delar av 2009, hadde større vekst i 2010 i forhold til året før (83,4%).

- Det var eit stort steg å ta å gå frå nettbutikk til butikk i kjøpesenter, det har vore ein lærerik prosess, seier innehavar Monika Nord.

- Omsetnaden har vakse kvart år og dei siste åra har det gått veldig fint, fortel ho.

Frå hus til klede
I starten hadde Lysthuset nesten berre varer til hus og heim, men no er klede og sko viktigaste varegruppe.

- Vi starta med nokre få varer, som Ilse Jacobsen-støvlar, men har no utvida til eit større, men handplukka utval av populære nordiske kvalitetsmerker som ikkje er å få andre stadar i Os.

- Vi har mange faste kundar, frå Haugesund i sør til eit godt stykke forbi Bergen, legg Monika til, og ramsar opp Schill Norway, Ti-mo, Line of Oslo og Odd Molly som eksempel på varemerker.

- Nytt i år blir enkelte klede for menn.

- Gledeleg utvikling
Ein rekordstor julehandel gjorde at 2009 samla sett enda med vekst for AMFI Os. Også fjorårets julehandel blei det sett ny rekord, rundt 3 prosent opp frå dei 58,6 millionane butikkane i senteret samla sett selte for innan julekvelden 2009.

- Også 2010 sett under eitt blei eit vekstår, 3,58 prosent opp om vi ser på samanliknbare tal, seier senterleiar Anne Kristine Tøsdal.

Coop Prix har ikkje hatt ope sidan august grunna planar om utbygging og opning av Coop Extra i 2011. Det er i sterk grad medverkande til at den totale veksten, om vi ikkje tar samanliknbare butikkar, berre er på 1,14 prosent.

- Mange av dei som veks mest er i det vi kategoriserer som spesialforretningar, og det er ekstra gledeleg.

Fleire nye i 2011?
2011 blir eit spennande år for Amfisenteret, med utviding, opning av Coop Extra i oktober og bygging av rundkjøring i krysset mellom Byvegen og Prestegardsskogen.

- Før den tid kjem det også til å skje ein del nytt. Musikkverket skal dessverre legga ned, Fjord´n Blomster overtar deira lokale. Blomebutikken sitt lokale skal nemleg bli inngangsparti for Coop Prix.

MX Sport flytta til lokalet Coop Prix tidlegare heldt til i. Kva som skal inn i det rundt 700 kvadratmeter store lokalet sportsbutikken flytta ut av er førebels ikkje klart.

- Vi har også tre mindre lokaler, mellom 71 og 107 kvadratmeter, i andre etasje som skal fyllast, fortel Tøsdal om lokala Wistex, Milly-Molly-Mandy og Divakjoler heldt til i.

Desse vaks mest i 2010
(Omsetnad, leigetakarar på AMFI Os)
1. Tropehagen Zoo: 83,4 %
2. Lysthuset: 48,5 %
3. MX Sport: 16,4 %
4. Princess: 12,7 %
5. Eurospar: 12,0 % (retta, ikkje Eurosko, som vi først skreiv)
6. Baretti: 8,0 %
7. Ezzens: 7,7 %
8. Baker Brun: 7,5 %
9. Fotoknudsen: 6,9 %
10. Cubus: 6,4 %

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.