På Moberg, ein av dei tre campingplassane under Osfest, er desse bilane og vognene på plass. (Foto: KVB)

Spontane turar til Os

Dei første camping-gjestane til Osfest trilla fredag ettermiddag til Os. Fleire frå nabokommunane bestemte seg i siste liten. 

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Etter ein varm juli var det fredag rolegare i Os hamn, trass starten på Osfest.

Fredag morgon var det berre to båtar som hadde overnatta frå torsdag, men ut på kvelden fredag kom det fleire rekande inn i hamna.

Medan Kuven Farm Camping tar imot gjestar i hytter og telt blir bubil-turistar vist vidare til parkeringsplassen ved Rema Kuven stasjon og til ein planert plass på Moberg ved Ulvenvatnet.

Fredag i 18-tida var det 4-5 bubilar og campingvogner på begge plassane. Fleire av gjestane, som kom frå Sotra, Askøy, Lindås og Laksevåg, hadde bestemt seg for å reisa til Os kort tid i forvegen.

– Her blir det stemning uansett

På Moberg møtte vi blant andre kameratane Vegard Vardøy, Aleksander Midlang og Magnus Lygre frå Sotra.

– Vi bestemte oss på vorspiel i går om å reisa til Osfest. Vi vil sjå BigBang og har lånt oss ei campingvogn som har vore på festival før, fortel dei tre i den raude, russebil-liknande campingvogna ved Ulvenvatnet.

På same camp sit Jarle Øvrebø, Morten Eilertsen, Svein Eilertsen og Eystein Strand frå Laksevåg. Også dei tok turen ganske på impuls og ser på BigBang som hovudtrekkplaster.

– Vi fann ut om festivalen først i dag, seier Bjørg og Roger Steinfelt frå Askøy, som har parkert ved Kuven stasjon.

Dei har Monica Villanger frå Askøy og Tore Vaage frå Lindås som camp-naboar.

 – Vi håper det kjem fleire folk på campen. Vi har med gitaren, så her blir det stemning uansett, lover Bjørg.

 

Fleire saker