Næringsliv | 05. feb. 2010

Stabilt på Solstrand

Talet på utanlandske overnattingar ved norske hotell gjekk kraftig ned i 2009. I Os er det meir stabilt.

Stabilt på Solstrand
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. feb. 2010 13:59

Bildeserie:

1 av 5

Med over 18,5 millionar overnattingar og nær 60 prosent belegg var 2007 rekordåret for norske hotell.

Sidan har det gått nedover, 2009 blei 3 prosent svakare enn 2008. Talet på utanlanske overnattingar gjekk ned med 10 prosent frå 2008 til 2009.

Lågare omsetnad - bra resultat
Bjørnefjorden Gjestetun har sett nye rekordar om lag kvart år sidan opninga. 2006 og 2007 var begge betre enn året før, og 2008 blei det ny rekord igjen.

- 2009 starta dårleg, med ein del avbestillingar tidleg på året. Finanskrisa gjorde oss litt urolege, men så kom det seg veldig i løpet av våren, fortel dagleg leiar Erik Werner.

Omsetnaden totalt sett gjekk ned 10 prosent frå rekordåret, frå drøye 15 millionar kroner til knappe 14 millionar, men resultatet ser ut til å bli om lag det same.

- Den ekstra omsetnaden du får i travle tider er ikkje alltid så lønsam, det blir mykje armar og bein og leige av ekstra personell. Vi klarte oss fint med den omsetnaden vi hadde i fjor, og 2010 ser endå betre ut.

Tåler sårbart samfunn
Ved Solstrand Hotel & Spa er omsetnaden stabil, og det har den ifølgje Børrea Schau-Larsen vore lenge.

- Noko av det vi lærte då vi gjekk på skule i USA handla om "what if the world goes grazy", vi kan ikkje berre satsa på eit område skal vi overleva, seier Børrea.

- Vi merkar at samfunnet er meir sårbart, men den blandinga av turisme, forretningskundar, weekendbesøk og spaopplevingar gjer at vi samla sett kjem godt ut frå år til år. Dette er ein del av vår overordna strategi, forklarar hotelleigaren.

Sommaren er Solstrands rolegaste tid og juli 2009 blei litt rolegare enn året før. Samla sett var 2009 0,2 prosent svakare enn 2008.

- Det var eigentleg heilt greit, i ei tid då vi driv med ferieavvikling for våre tilsette. Vi er nøgd med året som gjekk.

Kjelder:
ssb.no
travelnews.com

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.