Lokal | 29. juli 2014

Stakk av etter utforkjøring

Politiet jakta tysdag kveld etter ein bil som kjørte i autovernet ved Svegatjørn. (OPPDATERT)

Stakk av etter utforkjøring
Hjulspor og bulka autovern er tydelege spor etter utforkjøringa tysdag kveld. (Mobilfoto: AF, Midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. juli 2014 22:25

Tysdag klokka 22.27 fekk politiet melding om bulka autovern langs E39 ved Svegatjørn.

– Då var både førar og bil vekke, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit i Hordaland politidistrikt.

Ein patrulje blei sendt ut, men mistenkte blei ikkje funne med det same.

– Bilen er funnen og vi er i kontakt med førar, opplyser Kolltveit klokka 00.26.

Det er førebels for tidleg å seia om nokon er skadd eller om vedkomande blir mistenkt for uaktsam kjøring eller promille.

Den bulka bilen blei funnen utanfor Os sentrum.

OPPDATERT:

Politiet har gjennomført førarkortbeslag av bilføraren etter mistanke om kjøring i rusa tilstand.

- Det var ein person involvert i ulykka og det er meldt om skadar på bil, men ingen personskadar, fortel politibetjent Christine Grindstein.

Hendinga blir no etterforska vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.