Lokal | 08. apr. 2010

Stakk frå vegvesenet

Vegvesenet og UP hadde kontroll i Os i går. Ein blei tatt utan lappen, ein annan mista den.

Stakk frå vegvesenet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. apr. 2010 07:44

Måndag kontrollerte Statens vegvesen påsketrafikken gjennom Hjellemarka, og då fekk bilistane skryt. Like mykje ros blei det ikkje etter gårsdagens trafikkbølle passerte kontrollområdet i 18-tida.

- Ein ung bilist hadde fleire stygge forbikjøringar i området der vegvesenet hadde kontroll, og han stakk frå staden utan å stoppa på signal, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Politiet fann bil med førar igjen i området rundt Flåten og tok beslag i førarkortet til guten.

Utan skilt - utan førarkort
Utrykningspolitiet var også på s i går. Rett over midnatt, rundt klokka eitt, stoppa dei ein bil med falske skilt.

Føraren av bilen, ein mann i 20-åra, hadde ikkje førarkort. Han hevda at han hadde fått låna skilta av ein kamerat.

Tok tablettar
Politiet i Os var på ransaking hos ei kvinne i 30-åra onsdag.

- Vi fann nokre tablettar som vi tok beslag i, fortel Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.