Lokal | 07. aug. 2020

Stal elsparkesykkel frå jente mens ho var på butikken

Mann avslørt av fleire overvakingskamera.

Stal elsparkesykkel frå jente mens ho var på butikken
(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. aug. 2020 07:16

Torsdag i 18-19-tida blei ein elsparkesykkel stolen i Os sentrum.

– To jenter var på tur. Mens dei var inne på ein butikk og handla var det nokon som stakk av med sparkesykkelen, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Sparkesykkelen blei funne ikkje så langt frå senrumskjerna.

– Vi har elsparkesykkelen her på lensmannskontoret. Eigar er varsla om at vi har den, og vil få den levert av oss i dag.

Vedkomande som stal denne, var ikkje der då elsparkesykkelen blei funnen.

– Vi er likevel ganske sikre på at vi veit kven det er. Det er gode skildringar på gjerningspersonen, og vi har bilde av han frå fleire overvakingskamera.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.