Lokal | 22. mai 2009

Stal hengarskilt

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. mai 2009 08:32

Onsdag ettermiddag hadde Biltilsynet aksjon i Os. "Sei i frå", som går på haldningar hos ungdom og bilbeltebruk, var tema i kontrollen, der dei som blir stoppa ikkje får svi om dei har slurva.

I 18-tida onsdag fekk politiet melding om eit ungt drikkelag i tunnelen under Byvegen ved Amfi Os. Politiet hadde ikkje kapasitet til å rykka ut.

Natt til torsdag, klokka 01.40, fekk politiet melding om påkjørt hjort på Strøno.

- Hjorten døydde etter samanstøyten. Personen som kjørte var åleine i bilen, og kom uskadd frå kollisjonen, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen til midtsiden.no.

Fredag i 10-tida fekk politiet melding om tjuveri av skilt på tilhengar. Hengaren sto parkert på plassen til Lepsøy Skjærgårdspark då skilta forsvann.

- Skiltet har registreringsnummer TA 7417, fortel Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.