Lokal | 30. juni 2020

Stal hjartestartar på Kuventræ - igjen

Den redda liv i 2017, hjartestartaren som blei stolen i oktober. No er erstattaren òg vekke.

Stal hjartestartar på Kuventræ - igjen
Denne blei stolen i oktober 2019. No er erstattaren òg stolen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. juni 2020 07:54

Måndag fekk politiet melding om tjuveri av hjartestartar frå Kuventræ.

– Tjuveriet er meldt. Vi er takksame for tips, og vi er takksame om den som tok denne angrar og leverer den tilbake, seier politioverbetjent Atle Birkeland.

Tjuveriet blei oppdaga søndag.

– Kjenner du til at det er marknad for stolne hjartestartarar, eller reknar du med at dette er hærverk?

– Det er utruleg kva enkelte klarer å selja, men eg kjenner ikkje til at det er omsette stolne hjartestartarar, eller at dei er funne saman med anna tjuvgods.

– Om nokon har stole denne for å ha den privat, trur eg dei har misforstått opplegget litt. Det beste for dei fleste er at det er hjartestartarar lett tilgjengeleg mange stadar.

Førre tjuveri var i oktober 2019

Det er ikkje lenge sidan sist hjartestartaren som heng utandørs, på kiosken til Os Fotball, blei stolen.

I oktober 2019 blei den raskt erstatta, Os Røde Kors fekk med seg tre firma og spanderte ny.

Då som no blir den stolne hjartestartaren erstatta.

– Vi har bestilt ny, og den skal òg henga ute, seier leirar i Os Turnforening, Hans Parnefält.

– Kan dette vera hærverk, at det er mogleg at den ligg slengt i nærleiken?

– Den førre er ikkje funnen. Men det hender at vi har funne kioskvarer i nærområdet etter tidlegare innbrot i kiosken.

Hjartestartaren som blei stolen i fjor redda liv i 2017.

– Det er fleire hjartestartarar på Kuventræ, blant anna innandørs i klubbhuset og på Osbadet. Men det å ha den i nærleiken, ved friidrett- og fotballbane, kan vera avgjerande.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.