Starta vaskebyrå
Då tempoet i eigedomsbransjen gjekk ned lagde Robert Nøss seg ein ny fot å stå på. – Forretningsideen er rett og slett å vaska skikkeleg reint! seier Nøss.


Robert Nøss har dei siste åra vore innom fleire bransjar. Frå lang fartstid innan magasinproduksjon og reklame gjekk vegen vidare til messer og arrangement, og seinare til eigedom.
- Eigedomane skal haldast reine, og då tempoet i marknaden i fjor gjekk ned, blei etablering av reinhaldsfirma ein kombinasjon av supplering til eksisterande firma og ei spennande, ny verksemd, fortel Robert.
Frå stifting i februar og fram til oktober har Byggrenhold Bergen AS auka frå 2 til 12 tilsette.
Vinn terreng
Selskapet starta med oppdrag for eigedom Nøss eig eller er medeigar i. Desse ligg i Os, Bergen og Haugesund. Men så kom oppdrag etter oppdrag for andre.
- No har vi både barnehagar, store daglegvarebutikkar og heile kjøpesenter. På Voss har vi starta eigen avdeling som tar hand om rundt ti store kundar i skibygda.
Latvisk arbeidsmoral
Dei tilsette er stort sett frå Latvia, og med bakgrunn frå bransjar der dei er vane med å halda det reint. Frå tidlegare hotelltilsette til sjukepleiarar.
- Det som har vore viktig er å finna folk med god arbeidsmoral, nokon som ser skiten og ikkje berre tar akkurat det dei får betalt for.
- Ok slik er desse jentene, god innsats og flott humør!
- Synleg forskjell
Sjølv om han har arbeidskraft frå utlandet hevdar han det ikkje er prisen selskapet vinn kundar på, men kvaliteten.
- Eg har leigd så mange vaskehjelpar sjølv opp gjennom åra. Dei fleste subbar over golvet, men ser ikkje flekkane på disken like ved. Det skal sjå ut som om ei omsorgsfull bestemor har tatt jobben. Slik er også tilbakemeldingane vi får, kundane såg ikkje kor dårleg reinhald dei hadde før dei fekk inn nokon som gjorde jobben skikkeleg.
Nøss har også fått tips frå sin nyleg pensjonerte far. Walfred Nøss har 26 år bak seg som seljar for Lilleborg, til hotell, catering og offshore.
- Han har skaffa meg gode kontaktar både på vaskemiddel og maskiner. Utstyret må også vera i orden, seier Robert Nøss.