Sport | 01. feb. 2016

Startar borte mot Lyngbø

Terminlista for 3. divisjon avdeling 7 er endeleg klar. Her er Os sine første og siste motstandarar i år.

Startar borte mot Lyngbø
(Arkivbilde frå tidlegare kamp mellom Os 2 og Lyngbø)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. feb. 2016 16:30

Os startar årets sesong borte mot Lyngbø laurdag 9. april.

Sist Os spelte borte mot Lyngbø, i 2014, blei det 6-2-tap (og krona på verket på ein oddskupong verdt 100.000 hos ein NordicBet-spelar).

Lyngbø landa på 6. plass i avdeling 7 i 2015, Os på 4. plass i avdeling 6.

Heime mot Austevoll og Gneist

Første heimekamp går mot Austevoll laurdag 16. april.

Så ventar to bortekampar på rad før Gneist kjem på Kuventræ 7. mai. Sotra og Lyngbø blir dei to siste heimemotstandarane før ferien, 25. og 30. juni.

Avsluttar med toppkamp?

6. august startar serien igjen med bortekamp mot Austevoll, sesongens siste kamp blir òg borte.

Dette kan bli avgjerande for minst eitt av laga, begge har ambisjonar om opprykk, Sotra-Os speler i siste runde, 22. oktober.

Her er heile terminlista.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.