Lokal | 05. okt. 2010

Startar i 2012

Regjeringa set av midlar i statsbudsjettet til planlegging og prosjektering av E39 med sikte på oppstart i 2012.

Startar i 2012
Andris Hamretirsdag 05. okt. 2010 10:32

I samband med framlegg til statsbudsjett for 2011 har samferdselsdepartementet sett av statlege midlar til planlegging og prosjektering av E39 Svegatjørn - Rådal med sikte på oppstart i 2012.

- Dette er ei gladmelding og ei stadfesting av at dei har forstått kor viktig del av kyststamvegen denne strekninga er, seier Gustav Bahus (Frp). Bahus er leiar i samferdsleutvalet i fylket.

Sjå liste over tiltaka i Hordaland på regjeringen.no.

- Vi får berre håpa det ikkje kjem nokre overraskingar undervegs slik at det blir ei ytterlegare utsetting, seier Bahus.

Har drøya
Prosjektet har blitt utsett fleire gongar. I oktober 2009 hadde ein von om at det skulle bli oppstart allereie 2010, men slik blei det som kjent ikkje.

- Fordelen med at det har teke tid er jo at alle dei parallelle prosessane som har gått kan ha ei positiv innverkning på sjølve byggeperioden, seier Bahus.

- No veit vi at vegen kjem, så no er det berre for osingane å rusta seg i høve til utvikling av bustad- og næringsområder og anna infrastruktur som trengs som følge av den veksten vi veit kjem, avsluttar Bahus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.