Næringsliv | 26. okt. 2009

Startar i sjø

Os Sjøfront vurderer å byrja med å selja i blokkene nærmast sjø, og å bygga desse på kai i staden for på fylling.

Startar i sjø
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. okt. 2009 13:58

Bildeserie:

1 av 4

Os Sjøfront AS skal selja og bygga rundt 160 husvære mellom Mobergsneset og Os kai. Det såg lenge ut som om dei skulle koma i gang med salet før jul, men no trur dei det blir salstart på nyåret.

- Vi er i full sving med planlegging og jobbar dagleg med prosjektet, seier Tor Inge Døsen frå Os Sjøfront AS.

- Omfanget, og kva blokker vi sel og bygg først er uvisst, men mykje tyder på at det blir endringar her, legg han til.

Startar i sjø
Nærmast Mobergsbakken skal det koma tre blokker, med tre etasjar parkering under seg. Det var desse blokkene det først var snakk om å starta med.

- Vi trur kjøparane kan bli litt usikre her, før dei ytste blokkene er ferdige. Det kan henda at dei vil lura på kor tid det kjem noko framfor dei, og korleis utsikta deira blir påverka, seier Døsen.

Derfor ligg det no an til at Os Sjøfront startar med å selja og bygga dei fire blokkene i sjøkanten.

- Vi jobbar med desse to alternativa parallelt, og det er førebels ikkje bestemt kva alternativ vi startar med. Det kan også henda at vi startar med begge på same tid.

I så fall blir det eit gigantprosjekt med sal av 120 av 160 husvære på éin gong. Det blir om lag like mange husvære bak som ytst mot sjøen.

Kjempekai kan erstatta fylling
Os Sjøfront håpte at prosjektet deira skulle bli nokolunde samkjørt med bygging av E39 Svegatjørn-Rådal, men vegen får nok ikkje byggestart før i 2011. Dermed blir det ingen lokal tunnelmasse å få tak i til fylling i sjøfront-prosjektet.

- Fylling er dessutan litt risikabelt, sjølv om det er metodar for å komprimera denne. Bygging av kai er dyrare, men kan bli løysinga for vår del.

- Ingeniørmessig er det ikkje så forskjellig frå å bygga ein kai som skal tåla tungtransport, men det kjem likevel til å bli eit ganske spektakulært prosjekt.

På pælar
Fleire kilometer med pælar kjem i så fall til å gå med. Ytst er det 10 meter ned til botn, men 20 meter ned til fast fjell.

Pælane er av metall, 70-80 cm i diameter, og blir etter at dei er banka ned til fast grunn fylt med betong. Dei blir ikkje festa i fjellet på botnen, men i kvarandre, og forankra horisontalt i svaberget.

- Oppå kaien kjem fire etasjar med bustad på toppen av eit garasjedekke. Dette garasjedekket må byggast vasstett, for det kjem til å ligga plant med sjøen på full flo.

Utanpå dette kjem strandpromenada.

- Dette blir diskutert i vekene framover, saman med nye skisser som er under utarbeiding, seier Tor Inge Døsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.