Næringsliv | 31. mai 2010

Startar med 7 km

I dag byrjar tømrararbeidet på Oseana. Dei startar med å ta imot ein kjempeleveranse av limtredragarar.

Startar med 7 km
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 31. mai 2010 05:34

- Vår entreprise starta onsdag, men det er ein underleverandør som har tatt seg av stillasbygginga. I dag går vi i Vestafjell i gong, i starten med 3-4 mann, seier prosjektleiar Geir-Ove Lunde.

Sjølv om Lunde får strålande vêr første arbeidsdag i strandsonen, kan det bli ein lang og tung dag. I alle fall målt i leveranse.

- Vi skal bruka sju kilometer med limtredragarar, mykje av det på ytterveggane, mellom betongen og det som skal koma av plater. Første lass kom laurdag kveld.

Tett hus på 95 dagar
Vestafjell har tett-hus-entreprise, og har 95 dagar på seg til å få jobben gjort.

- No startar vi med 3-4 mann og aukar til 8 før ferien.

- Vi har god dialog med Stoltz, som framleis blir verande i sving på tomta, og blant anna låna vekk kranen sin til oss, seier Geir-Ove nøgd.

Spesialoppdrag
Når limtredragarane har kome på plass skal det gips, skifer og Steni-plater på.

- Det blir ein del spesialoppdrag med denne fasaden, så vi kjem til å bruka fleire underleverandørar.

Trappar ned på Lurane
Fredag var det offisiell overrekking av første byggetrinn på seniorprosjektet på Lurane. Her har Vestafjell hatt rundt 40 mann i sving, 24 av dei frå eige selskap.

- Andre byggetrinn skal stå ferdig til jul. No går vi ned i 14-16 mann på Lurane, seier Lunde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.