Lokal | 15. mai 2009

Startar molobygging

Os Sjøfront vil ha den nye moloen ferdig til oktober i år. Over helga startar truleg bygginga.

Startar molobygging
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. mai 2009 08:36

Bildeserie:

1 av 5

Grunnarbeidet på tomta til Os kunst- og kultursenter er godt i gang, men den nye moloen krev eigen byggesøknad.

- Vi er klar til å byrja å fylla i sjø, så langt vi har stein. Det er stor fordel for oss å få fylla direkte, så vi slepp å mellomlagra steinen vi skyt laus, seier prosjektleiar frå Straume Rådgiving AS, Magnar Eide.

Arbeidet med OKK-tomta gjev ikkje nok stein til heile moloen. Kjem Os Sjøfront, som på sikt skal bygga bustadar på nabotomta, til å henga seg på grunnarbeidet i området?

- Startar kanskje i sommar
Eigentleg var det krav om at fylling i sjø skulle vera ferdig innan midten av mars, men det har blitt gjeve dispensasjon frå denne regelen. Byggesøknaden på moloen blei signert av Tor Inge Døsen hos Os Sjøfront i dag.

Nabovarsel er sendt og og frist for å koma med motsegn gjekk ut for eit par dagar sidan.

- Så vidt eg forstår det har det ikkje kome klagar. No skal kommunen ekspedera søknaden og senda den vidare til hamnesjefen. Hamnesjefen veit at den er på veg, og sit klar til å gje grønt lys, seier Døsen.

- Kjem de til å starta arbeid i området i nær framtid?

- Formelt har vi ikkje bestemt noko endeleg, men vi har teikna moloen og skal bygga den. Dessutan kan den ikkje stå vinteren over utan å bli sikra med plastringsstein.

Døsen håpar på å byrja med arbeid på sjøfront-tomta allereie i sommar.

- Då får vi stein til moloen samstundes som vi i god samarbeidsånd ryddar plass som kan koma til nytte for kommunen. Både i anleggsprosessen og, ikkje minst, som parkeringsplass dersom kunst- og kultursenteret blir ferdig lenge før vi vurderer eigedomsmarknaden som god nok til å byrja å bygga, seier Døsen.

Os Sjøfront har som mål å ha moloen ferdig i løpet av oktober i år.

- Om ikkje den er heilt ferdig med lys og detaljar, er meininga å gjera ferdig alt maskinelt arbeid før vinteren. Og då er moloen så ferdig at du kan ta ungane med ut og fiska frå den.

Moloen blir omtrent som planlagt, drøye 200 meter lang, men med knekken inn mot Haugsneset 10 til 20 meter lengre inne.

- Moloen er teikna litt optimistisk langt ute. Botnforholda gjer at vi nok må halda oss noko nærmare land for at steinen ikkje skal forsvinna medan vi bygger, forklarar Tor Inge Døsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.