Næringsliv | 20. aug. 2010

Startar ombygging

Medan dei ventar på politisk handsaming av plan om tilbygg, som skal husa 2000 kvm med Coop Extra, startar AMFI Os førebuingar innandørs.

Startar ombygging
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. aug. 2010 08:40

I november i fjor fortalte Solveig Oksholm Hunhammer frå Amfi Eiendom AS om ønsket om å utvida senteret på Os.

I eit tilbygg på rundt 2500 kvadratmeter, frå baksida av MX Sport, KID og Coop Prix og opp til vegen, skal det koma ein ny, stor daglegvarebutikk og tre mindre butikklokale.

Parkeringsarealet skal erstattast med garasje og parkering på tak. Reguleringsendringa inneheld rundkjøring mellom Byvegen og Prestegardsskogen. Tysdag var ordførar Terje Søviknes på synfaring i området saman med fylkeskommunen.

Prix stenger - Extra vil opna
Reguleringsplanen skal opp til 2. gongs handsaming i haust, kanskje allereie 9. september, men allereie neste veke startar dei første endringane.

- Coop Prix skal vera ute av lokalet sitt innan 1. september, så dei har sal neste veke for å tøma butikken. Om vi får godkjent planane våre blir Prix erstatta av 2000 kvadratmeter med Coop Extra i tilbygget, fortel senterleiar Anne Kristine Tøsdal.

Coop Extra er ein ny daglegvare- og byggkjede som starta i 2006, tel 20 butikkar og utvidar til 30 i løpet av året i år.

- Extra er Ole Brumm-konseptet vårt, med både låge prisar og stort utval, særleg på ferskvare. I tillegg har vi ei stor nonfood-avdeling i alle butikkane og i nokre byar daglegvare vegg i vegg med byggevarer, fortel kjededirektør Håvard Jensen.

Startar innandørs
Årsaka til at Prix stenger allereie no er at nokre av dei eksisterande butikkane skal flyttast på for å gje rom for passasje til det planlagte tilbygget.

- Dette arbeidet startar no i haust, fortel Tøsdal.

Om den politiske handsaminga av reguleringsendringane blir rask og positiv vil eigedomsselskapet uansett venta til januar med å starta byggearbeidet.

- Vi vil ikkje røra parkeringsplassen vår før etter at julehandelen er over. Er alt klart på førehand, og vi får byggestart i januar, er det meininga at Coop Extra skal opna i tilbygget på forsommaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.