Startar opp att
Etter eit år på sjøen startar Dina Nordahl Pedersen opp att rammebutikk i nye lokaler.
Før dei la ut på eitt års seglas til Karibien selde dei rammebutikken dei hadde på Oshjørnet. No vil Dina starta oppatt i nye lokalar.
- Eg har avtalt å ta over lokala der Kolaas Foto held til tidlegare, fortel Dina Nordahl Pedersen.
- Førebels har eg ikkje tatt lokala i augesyn så eg veit ikkje kor mykje oppussing som må til.
- Men eg håpar du vil hjelpa meg, seier ho med eit smil medan ho ser bort på mannen Tore.
Saman med seg i butikken får ho Bjørg som jobba saman med ho i den gamle rammebutikken.
- Det skal bli veldig kjekt. Eg håpar vi kan vera i gang i løpet av oktober, fortel Dina Nordahl Pedersen.
Mannen Tore har førebels ikkje heilt bestemt seg for kva han skal ta seg til når han no blir landkrabbe att.
- Eg har nokre ideer, men eg kjem ikkje til å gå attende til glassmeisterbransjen. Den er eg ferdig med, seier Tore Nordahl Pedersen.
Med etableringa av rammebutikken byrjar dei ledige butikklokala på Osøyro igjen å fyllast med liv og handel.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.