Kultur | 09. des. 2021

Staseleg besøk på Øvreeide

Rudolf fekk kvila seg i år òg.

Staseleg besøk på Øvreeide
Nissen kom i helikopter igjen. På bakken sto over 40 for å ta imot. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. des. 2021 13:01

Øvreeide Gard fekk i dag besøk av julenissen, som tradisjon tru ko i helikopter.

– Ungane har ikkje problem med å forstå at Rudolf og dei andre reinsdyra må kvila seg no før julaftan, seier innehavar Tore Øvreeide.

Tore Øvreeide. Ordføraren og nissen i bakgrunnen. (Foto: Ørjan Håland)
Tore Øvreeide. Ordføraren og nissen i bakgrunnen. (Foto: Ørjan Håland)

Flyentusiasten starta tradisjonen for ein del år sidan, først på Ulven, no heime, etter at garden hans blei Inn på tunet-gard.

– I dag er det blant anna torsdagsgruppa, ein gjeng barneskuleelevar frå ulike skular, som får ta imot nissen.

I alt var det rundt 40 på garden då nissen kom. Også ordførar Trine Lindborg var med.

Nissen åt graut med ungane i oppvarma partytelt, ordførar fortalte om korleis jula var i hennar barndom.

Så var det utdeling av pakkar før nissen måtte fyka heim igjen til Nordpolen for siste innspurt før jul.

Bildeserie:

(Foto: Ørjan Håland)
(Foto: Ørjan Håland)
(Foto: Ørjan Håland)
(Foto: Ørjan Håland)
(Foto: Ørjan Håland)
(Foto: Ørjan Håland)
(Foto: Ørjan Håland)
(Foto: Ørjan Håland)
(Foto: Ørjan Håland)
(Foto: Ørjan Håland)
(Foto: Ørjan Håland)
(Foto: Ørjan Håland)
1 av 6

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.