Status og stall etter sommarferien
Os vil styrka stallen med 1-2 spelarar, og startar haustsesongen mot tre topplag på rad.
Etter ein skadeprega vårsesong landa Os på 9. plass før ferien, 8 poeng over Vestfossen på 12. plass, som er øvste nedrykksplass, 8 poeng bak Lysekloster på 4. plass.
– Om vi held fram med god statistikk på bortebane, og byrjar å vinna litt heime, så får vi ein endå betre haust, seier hovudtrenar Endre Brenne.
Os leia to gongar over bådeBrann 2 og Sogndal 2 på Kuventræ, men vann ingen (!) heimekampar i vår. Borte står dei med 4-1-1 etter vårsesongen.
Tar imot serieleiar på søndag
Søndag er første av 11 kampar i haustsesongen, og den går heime mot serieleiar Djerv 1919.
– Eg trur det er ein fordel for oss å starta hausten slik vi gjer, mot dei tre topplaga Djerv 1919, Vard Haugesund og Fana. Vi hadde mange gode kampar mot topplaga i vår, og no stiller vi med breiare og nærmast skadefri stall.
– Vi har hatt mykje folk og høg kvalitet på treninga etter at vi starta opp igjen, vi ser endå sterkare ut enn før seriestart i vår.
Inn og ut av midtforsvaret
Midtstoppar Vegard Strønen Skeie og venstreback Harry James Moore fekk begge ein skadeprega vårsesong. Seinare blei midtstopparane Jonas Hovland og Alexander Dale skadd.
Os henta inn Carlos Mendes frå Portugal, men berre fram til sommaren.
– Carlos har reist tilbake til Portugal. Han gjorde ein grei jobb, men fekk ein skade, og vi valte å ikkje forlenga. Vi må òg klara oss utan Alexander ei stund. Han harblitt gradvis verre i ein skade i akilles, og har no operert.
– Men vi har heldigvis både Skeie, Hovland og Moore tilbake. Hovland må ta det litt med ro i starten, men er snart klar for kamp, seier Brenne.
Vil utvida stallen
Henrik Sperrevik er blitt fast del av stallen, i tillegg harblant anna Elias Myrlid og Tobias Nøss frå Os 2 trent med A-laget.
– Vi ser samtidig etter forsterkingar, vi treng ein litt større stall. Det kan bli éin til to spelarar, både offensivt og defensivt. Vi hadde to frå haugesund 2 i trening med oss i førre veke. Dei gjorde godt inntrykk, men skal òg trena med nokre andre før vi eventuelt skal i vidare dialog.